Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Vel du helse- og oppvekst må du ønskje å jobbe med menneske i ulike aldre og livssituasjonar. Du må bry deg om andre menneske. Du som vel helse- og oppvekstfag bør vere omsorgsfull, flink til å kommunisere og god til å samhandle med menneske med ulik bakgrunn og livssituasjon. 

Samfunnet vil i tida framover ha stort behov for deg som ønskjer å arbeide innan helse- og oppvekstsektoren. Ved å velje helse- og oppvekstfag vil du verte ein attraktiv arbeidssøkjar.

Vg1 er felles for alle som tek helse- og oppvekstfag. På Vg2 tilbyr vi:

  • Vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfag
  • Vg2 Helsearbeiderfag
Søk skuleplass

Kva kan du bli?

På helse- og oppvekstfag går du to år på skule og to år i lære. Etter det får du fagbrev og kan gå ut i jobb. På vilbli.no kan du sjå kva du kan bli ved å velje helse- og oppvekstfag.

Hos oss kan du verte:

  • Helsefagarbeidar
  • Barne- og ungdomsarbeidar

Etter du er ferdig med fagbrev kan du velje å ta eit ekstra år med Vg3 påbygg og få generell studiekompetanse. Du har og høve til å byte ut læretida med Vg3 påbygg. Om du allereie no veit at du ikkje ønskjer å ta fagbrev bør du i staden sjå nærare på studietilbodet vårt: Helse - og oppvekstfag med studiespesialisering.

Vilbli.no Les meir om vekslingsmodellen

Fag og timetal

Fag Helse- og oppvekstfag vg1 Helsefagarbeidar vg2 Barne- og ungdomsarbeidar vg2
Helsefremjande arbeid 7 7 5
Kommunikasjon og samhandling 5 5 5
Yrkesutøving 5 5 7
Yrkesfagleg fordjuping 6 9 9
Norsk 2 2 2
Matematikk 3 0 0
Naturfag 2 0 0
Engelsk 3 2 2
Kroppsøving 2 2 2
Samfunnsfag 0 3 3
Sum timetal per veke 35 35 35

Første året

HO Vg1.jpg

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Programfaga på Vg1 Helse- og oppvekstfag er:

  • Kommunikasjon og samhandling
  • Helsefremmande arbeid
  • Yrkesutøving

Du er utplassert i relevant praksis i faget yrkesfagleg fordjuping gjennom skuleåret, slik at du kan prøve ut ulike yrke innan helse- og oppvekstfaga. Faget er meint å hjelpe deg i val av utdanningsløp. Vi har eit nært samarbeid med Bergen kommune og ei rekkje institusjonar.
I tillegg vil du ha fellesfaga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

Andre året

HO Vg2.jpg

Vg2 Helsearbeiderfaget

Som helsefagarbeidar arbeidar du i nær kontakt med menneske. Oppgåvene dine vil mellom anna vere å gje omsorg, praktisk pleie og miljøarbeid til menneske som treng det. Du får utvikle evna til å vere ein profesjonell yrkesutøvar med empati og evne til samspel med menneske med ulike hjelpebehov.

Vg2 Barne- og ungdomsarbeiderfaget

Som barne- og ungdomsarbeidar får du ein aktiv og meiningsfylt jobb. I barne- og ungdomsfaget lærer du mellom anna å leggje til rette og gjennomføre pedagogiske tilbod for born i alderen 0-18 år. Du utviklar evna til kommunikasjon og samhandling. Vidare lærer du å fremje fellesskap og samhald i eit miljø prega av leik, utforsking og læring.

Tredje året

HO Vg3.jpg

Vg3 Påbygg

Vg3 Påbygg gir deg generell studiekompetanse. Dette gir deg høve til å studere vidare ved høgskule og universitet.

Du kan ta påbygg både før og etter læretida.

vegen vidare:

Etter å ha fullført Vg2 Helsearbeidarfag eller Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag, kan du søkje læreplass og ta fagbrev.
Læretida er 2 år.

Informasjon om lære i bedrift

For meir informasjon:

Mitt yrke: Barne- og ungdomsarbeidar

Mitt Yrke: Helsefagarbeidar