Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Skuleåret

Her finn du viktig informasjon om skuleåret, som skuleruta, timeplanar, skulen sitt årshjul og skuleskyss.

Skuleruta

Her finn du skuleruta for 2019-2020. Vi ønskjer at elevane får maksimalt utbytte av undervisninga, og ber derfor om at du sjekkar skuleruta før du planlegg feriar og andre turar. Ved planlagt fråvær må du søke til rektor. Søknaden skal vere skriftleg og grunngjeven, og skal leverast i god tid.

Skulerute 2019/2020

Timeplan

Her finner du timeplanar for klassar, lærarar og rom. Dette vel du oppe til venstre inne på timeplanen, ved å trykke på "Timeplan". Deretter vel du kva timeplan du vil sjå. Hugs å velje rett veke, då blokkdagane kan gjere at ikkje alle veker er heilt like.

Skuleskyss

Det er gode bussforbindelsar til Olsvikåsen. Buss 24 går direkte frå Oasen, medan buss 40 går frå sentrum. Vi har eigne skulebussar (Rute 49) mellom anna frå Storavatnet, Oasen og Loddefjord. Det næraste busstoppet til skulen er Olsvikskjenet. Rutene blir oppdatert til skulestart.