Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Om skulen

Olsvikåsen videregående skole starta opp i 2006. Vi er ein moderne og framtidsretta skule. Vi har gode fysiske forhold som er godt tilrettelagt for skulen sine ulike aktivitetar, og vi ligg i forkant på den teknologiske sida. Vi har eit godt elevmiljø og høg grad av trivsel.

Kontaktinformasjon

Skulen har besøksadresse Olsvikåsen 152.
Postadresse: Olsvikåsen videregående skole PB 503 Olsvik, 5884 Bergen.

Ring 55 51 14 00 Send oss ein e-post Kart

Ekspedisjon

Ekspedisjonen er open frå klokka 08.00 til 15.30 måndag til fredag.

Rektor og assisterande rektor

Rektor er skulen sin pedagogiske og administrative leiar. Rektor har ansvar for skulen si daglege drift, og sørgjer for at skulemyndigheitene sine vedtak blir satt i verk. Rektor skal ivareta skulen sine interesser på beste måte, og er ansvarleg for å legge til rette gode arbeidsforhold på skulen.

Assisterande rektor er rektor sin avløysar, og overtar rektor sine funksjonar når ho er borte.  Ass.rektor er avdelingsleiar for realfag og kroppsøving. Han har også koordineringsansvar for eksamen.

Rektor og assisterande rektor har kontor i 2. etasje

Avdelingsleiarar

Avdelingsleiarane har ansvar for det fagleg-pedagogiske arbeidet på sin avdeling. Dei har og personalansvar for lærarane på avdelinga. 

Therese Kleppestø er avdelingsleiar for helse- og oppvekstfag og kunst, design og arkitektur. Ho er prosjektleiar for vekslingsmodellen for helse- og oppvekstfag.

Anne Jordalen er avdelingsleiar for norsk, språk og samfunnsfag. Ho har og IKT-ansvaret på skulen.

Helge Øvrebotten Andersen er avdelingsleiar for tilrettelagt opplæring. Han er leiar for ressursteamet.
Avdelingslederne har kontor i 2. etasje.

Drift

Reinhald