Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kvifor velje Olsvikåsen?

På Olsvikåsen har vi elevane i fokus og har mange tiltak for å sikre både læring og trivsel.
_DSC2801.jpg

Vi tek vare på elevane våre!

På Olsvikåsen videregående skole får alle elevar tett oppfølging. I løpet av skulestart gjennomfører alle elevar ein samtale med kontaktlæraren sin. Foreldre får tilbod om foreldremøte. Alle nye elevar blir kartlagt i matematikk, norsk og engelsk for å sikre ein mest mogleg tilpassa opplæring.

Skulen sender SMS til elevar som uteblir frå undervisninga utan å ha meldt frå på førehand. Er dei under 18 år får også foresatte SMS.
Vi tilbyr alternativ kroppsøving for elevar som av ulike årsaker ikkje kan gjennomføre undervisning i vanleg klasse.

Elevrådsstyret 2018.jpg

Elevdemokrati

På Olsvikåsen videregående skole er elevane si stemme viktig. Elevane har vore med på å bestemme innhald i styringsdokument som: "Den gode time", " Den gode klassens time", "Den gode elev" og "Den gode lærar". Vi har eit svært aktivt og engasjert elevråd.

Les helsing frå elevrådsleiaren.

DSC_6197.jpg

Gratis frukost og flott kantine

Sidan læring og kosthald heng saman tilbyr vi gratis frukost til elevane kvar morgon frå kl. 08.00 til 08.30. Vi har ein stor og flott elevdrive kantine.

Her tilbyr vi både varme og kalde rettar. Du finn sunn og velsmakande mat til rimelege prisar.

Kantina vart i skuleåret 2015/16 kåra til Hordalands beste skulekantine!

Les meir om kantina vår.

_DsC7177.jpg

Elevsuperbrukarar

Hausten 2012 starta vi opp med elevsuperbrukarar på Olsvikåsen. Vi ønskjer at elevane våre skal bli flinkare til å bruke PC på ein fornuftig måte i læringsarbeidet, slik at den i størst mogleg grad er eit nyttig verktøy.

Elevane på skulen skal få opplæring i bruk av ulike digitale verktøy som skal styrke læringsarbeidet.

Kvar klasse skal ha 2 elevsuperbrukarar som skal stå for opplæringa av klassen sin.

Les meir om elevsuperbrukarane.

_DSC2685.jpg

Fagsnacks og mattesuppe

I midtimen kvar måndag og etter skuletid på onsdagar kan du få hjelp til å jobbe med fag. Du får servert frukt og suppe medan du arbeidar.

Tida du jobbar med fag kan du spare opp til å opparbeide deg studiedagar.

Internasjonalisering.JPG

Internasjonalisering

Kvart år har vi utveksling med Salvador Allende vidaregåande skule i Cáen, Frankrike. Franskelevane våre er vertselevar for dei franske elevane eit år og året etter tek dei franske elevane imot våre elevar. Dette er eit samarbeid som vi fortset med kvart år.

Skuleåret 2013-2014 og 2014-2015 deltok vi i eit Comenius-prosjekt saman med 6 andre europeiske land: Frankrike, Tyskland, Hellas, Polen, Spania og Ungarn.  Våren 2015 reiset vi til Hannover i Tyskland og arbeida med temaet «European Identity» saman med elevar frå Spania, Frankrike og Tyskland. På biletet ser vi dei flotte representantene frå skulen vår foran Geschwister – Scholl- Gymnasium Berenbostel i Hannover.

Å drive med internasjonalisering er nødvendig og givande, og vi ser at elevane får mykje igjen kulturelt, språkleg og sosialt.