Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Kvardagsliv

Opplæring i grunnleggjande ferdigheiter og fag gjennom tre år i ein liten klasse. Vi har lokaler som er delvis tilpassa rullestolbrukarar og ein fin uteplass.

Elevgruppe

Elevane i kvardagslivsklassen har utviklingshemming og funksjonshemming av ulik grad og treng tilrettelagt opplæring.

Dei fleste begynner på kommunalt dagsenter etter fullført vidaregåande utdanning.

Arbeidstrening

Elevane deltek i arbeidstrening ut frå eigne føresetnader og interesser. Det kan til dømes vere bryter-styring med makulering, kopiering, papirinnsamling og kaffelaging.

Bilde HO.JPG

Informasjon om undervisninga

I kvardagslivsklassen lærer elevane grunnleggjande kvardagslivsferdigheiter og har skulekjøkken. 

Det er lagt stor vekt på fysisk trening. Vi har faglærar i kroppsøving og er i terapibasseng ca. ein gong pr. månad.

Vi har kommunikasjonstrening, opplæring/vedlikehald i bruk av lyd/ kroppsspråk, kommunikasjonshjelpemiddel som talemaskin, Rolltalk, symbol, teikn, ordbilde, bokstavar, bruk av PC, Smartboard, nettbrett, lese og skriveopplæring.

Vi har faget «Natur og miljø» der vi fokuserer på til dømes årstider, fenomen i naturen, lokalmiljø og grunnleggjande geografi.

Tilsynsordning

Vi har tilbod om tilsynsordning, (TIV). Denne er drifta av kommune/ bydel, og det må søkjast via koordinator der. Skulen stiller med lokale og personale.

TIV-tilbodet er kl. 08.00 -08.30 og kl. 13.45 -15.30 kvar dag i skuleåret.

Det er ikkje tilsynsordning i skuleferiar og planleggingsdagar.

_DsC7031.jpg

Kreativt fokus

Vi er ein kreativ klasse med stor vekt på musikk, både individuelt og i gruppe.
Elevane spelar på ulike instrument, evt. syng og lagar små oppsettingar. Dei opptrer på felles avslutningar og andre arrangement på skulen.

Dei har også årleg kunstutstilling i biblioteket med inviterte gjester. Det er eit inkluderande miljø på skulen og elevane blir ofte med på andre klassar sitt opplegg og aktivitetar.

Spør oss om tilbodet