Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helsing frå elevrådsleiar

Elevrådsstyret på Olsvikåsen videregående skule jobbar for at elevene ved skulen skal ha eit så godt fysisk og psykisk miljø som mogleg. Per dags dato scorer Olsvikåsen godt over gjennomsnittet i landet på elevundersøkinga, noko den også har gjort i fleire tidligare år.

Vi i elevrådsstyret arbeider og for at alle elevar skal ha ei stemme og at dei skal kjenne seg involvert i avgjerder som tek plass på skulen. Elevrådet tek opp saker på eige initiativ, men Olsvikåsen set elevdemokrati svært høgt og er derfor avhengig av at klassar og enkeltelever også melder saker til oss slik at vi kan representere alle elevane på skulen.

Vi har eit nært samarbeid med skulen si leiing, som vi har lunsjmøter med annakvar veke. Gjennom vårt samarbeid med leiinga har vi gode høve til å påverke dersom vi elevar ønskjer endringar i skulekvardagen.

Vi er ansvarlege for juleavslutning og sommeravslutning på skulen. Andre aktivitetar som elevane ønskjer har elevrådet ansvar for å få gjennomført. Til dømes arrangerer vi i år Operasjon Dagsverk, volleyballturnering, halloween, pepperkakeby og nissefest.

Operasjon Dagsverk er ei hjartesak for elevrådet. Her har vi høve til å bruke ein dag av utdanninga vår til å gjere ein endring for andre menneske verda rundt.

Elevrådet ønskjer dykk alle eit fint skuleår. Kom gjerne innom elevrådskontoret dersom de har spørsmål eller ønskjer å ta ein prat!

Elevrådsleiar Marius Oliver Albrechtsen