Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevsuperbrukarar

Hausten 2012 starta vi opp med elevsuperbrukarar på Olsvikåsen. Dette har vore ein så stor suksess at vi har fortsatt kvart år sidan.

Vi ønskjer at elevane våre skal bli flinkare til å bruke PC på ein fornuftig måte i læringsarbeidet, slik at den i størst mogleg grad er eit nyttig verktøy. Elevane på skulen får opplæring i bruk av ulike digitale verktøy som skal styrke læringsarbeidet. Kvar klasse skal ha 2 elevsuperbrukarar som skal stå for opplæringa av sin klasse. Desse vel vi ved skulestart kvart år og det er svært mange som melder seg til denne viktige oppgåva.

Opplæringa av superbrukane blir gitt av e-koordinator,superbrukarane sjølv og IKT-konsulent. Elevsuperbrukarane skal vere klassen sin ressursperson innan IKT og digitale verktøy. Dei skal og vere bindeleddet mellom elevane og IKT-gruppa ved skulen. Dei skal også melde inn opplæringsbehov og evt. andre utfordringar frå elevane i klassen dei representerer.

Superbrukarane får opplæring i midttimen i skuletida. I klassen sin time underviser dei sin klasse i det dei har lært.

Alle må søke skriftleg om å bli superbrukarar. Til slutt får alle superbrukarane ein attest og kinobilettar for arbeidet.

Dei siste åra har elevsuperbrukane kursa klassane sine i:

  • Å ta vare på skule-pc og laste ned programvare
  • Bruke Google Classroom
  • Skylagring, samskriving og anna samarbeid i G-skole
  • Bruk av apper i G-skole, som f.eks. Thesarus, Movenote og Mindmeister
  • Skreddersy nyheitsartiklar i Google nyheiter
  • Lagre artiklar i Pocket for bruk på prøvar og eksamen
  • Lagre nettstader på pc
  • OneNote
  • Tankekart
  • Synkronisere kalendrar