Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Her finn du informasjon om rådgjevarar, skulehelsetenesta, elevrådet, mattesuppe og fagsnacks, IKT-ansvarleg og biblioteket.

Rådgjevarar og skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta

Helsetenesta er lokalisert like ved biblioteket på skulen. Helsesøster kan du kontakte via kontaktlærar, rådgjevar eller ved direkte kontakt. Treng du ein avtale med psykolog, ta konktakt via helsesøster.

Helsesøster        

Helsesøster er på skulen kl. 08.30-15.00 (Rom 171) desse dagane:

  • Måndag
  • Tysdag
  • Onsdag
  • Torsdag                          
Helsesøster har open dør, men du kan også eventuelt gjere ein avtale. Avtale hos helsesøster blir rekna som gyldig fråvær når det er dokumentert. Ta kontakt via telefon, sms, e-post, lærar eller rådgjevar, eller berre bank på døra. Her er nokre eksempel på kva ungdom oppsøkjer helsesøster for:
  • manglande trivsel - heime, på skulen eller blant vener
  • søvnproblem
  • problem med konsentrasjon, muskelsmerter, magesmerter, hovudverk
  • vanskelege heimeforhold
  • prevensjon, seksualitet
  • spiseforstyrringar, slanking
  • rus  

Hos helsesøster kan du få gratis resept på P-piller og andre prevensjonsmidlar, kondomer og graviditetstest.  

Kontaktinformasjon: 
Anne Gustavsen
mob: 94502289
tlf: 55511424
Epost: anne.gustavsen@bergen.kommune.no

Psykolog

Skulepsykologen deltar i førebyggjande psykisk helsearbeid ved skulen. Her inngår mellom anna:

  • Deltaking i ressursteam (helseteam) ved skulen
  • Deltaking i møter vedrørande enkeltelevar.
  • Samtaler med og utredning av elevar som slit med psykiske vanskar, eller har spørsmål i den samanheng
  • Vidare tilvisning av elevar til aktuelle andre hjelpeinstansar.

Skulepsykologen har teieplikt, og deltar i møter på vegne av elevar berre etter samtykke frå eleven og evt. føresette

Psykolog Christine Svanevik er på skulen kl. 09.00-15.00 (Rom 170) desse dagane:

  • Kvar måndag
  • Tysdag i oddetalsveker
  • Onsdag i partalsveker

Rådgjevarar

Rådgjevarane sine hovudoppgåver:

  • å gje råd og veiledning i val av fag og vidare utdanning
  • å støtte opp om enkeltelevar gjennom tett oppfølging
  • å gje informasjon om ditt utdanningsprogram, slik at du finn det som passer best for deg
  • å gje hjelp til rett fagval i vidaregåande
  • å informere om yrkesorientering og vidareutdanning
  • å hjelpe med karriereplanlegging ut frå evner og interesser
  • å hjelpe deg med personlege og sosiale spørsmål som har betydning for opplæringa

Rådgjevarane samarbeider med alle kontaktlærarar, faglærarar og leiinga ved skulen. 

Rådgjevarane har teieplikt, og dei hjelper deg der du måtte trenge det i skulekvardagen.

Kontaktinformasjon:

Hedda Aamot-Skeidsvoll, epost: hedda.aamot-skeidsvoll@hfk.no
Siri Kartevoll, epost: siri.kartevoll@hfk.no

Elevkontakter


Skulen har to elevkontakter tilgjengelig for våre elevar.
Elevkontaktane har ansvaret for elevrådet, og elevdemokratiet på skulen. 
Har du noko du treng råd og hjelp til, eller kanskje du har idear på korleis skulen kan bli betre, så ta gjerne kontakt med Marita eller Helge.

Elevkontaktane finn du på elevrådskontoret, eller rundt om i gangane på skulen.

Kontaktinformasjon: 
Marita Andresen, marita.andresen@hfk.no
Helge Øvrebotten Andersen, helge.ovrebotten.andersen@hfk.no

Elevrådsstyret 2018.jpg

Elevdemokrati

På Olsvikåsen videregående skole er elevane si stemme viktig. Elevane har vore med på å bestemme innhald i styringsdokument som: "Den gode time", " Den gode klassens time", "Den gode elev" og "Den gode lærar". Vi har eit svært aktivt og engasjert elevråd.

Les helsing frå elevrådsleiaren.

_DSC2685.jpg

Fagsnacks og mattesuppe

I midtimen kvar måndag og etter skuletid på onsdagar kan du få hjelp til å jobbe med fag. Du får servert frukt og suppe medan du arbeidar.

Tida du jobbar med fag kan du spare opp til å opparbeide deg studiedagar.

IKT-tenester

Skulen vår har eigne elevsuperbrukarar i kvar klasse som blir kursa til å hjelpe  medelevane sine med tekniske utfordringar.
I tillegg har vi ein IKT-konsulent på rom 041, i kjellaren, som tek seg av dei meir kompliserte utfordringane.

Biblioteket

På biblioteket kan du fordjupe deg i relevant litteratur og tidsskrifter. Kanskje treng du hjelp til å finne fram til kjelder til ei oppgåve du skal arbeide med? På biblioteket kan du også leige deg filmar og vi har eigne skrivebord for deg som ønskjer å arbeide sjølvstendig.