Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fordjupningsemne

Særemnet i norsk er ei fordjupingsoppgåve omkring ein sjølvvalt problemstilling med tema frå faget. Du vel sjølv kva del av norskfaget du vil ta utgangspunkt i. Du kan velje eit språkleg, eller språkhistorisk tema, litteratur, litteraturhistorie osb.

Det er viktig å finne noko du likar å lese og jobbe med. Det er og lurt å velje eit emne det er greit å få fatt i nok stoff om. I utgangspunktet skal det veljast stoff som er så omfattande at vesentlege sider ved emnet blir fanga inn. Val av emne og presentasjonsform må avklarast med norsklæraren din.

Denne bloggposten frå Norsklærar med digitalt grensesnitt kan hjelpe deg å forstå kva som blir forventa av deg.

Litteratur

  • Forfattarstudium: Har du ein favorittforfattar? Eller har du lest fleire bøker av same forfattar allereie? I eit forfattarstudium tar du for deg fleire bøker/teikneseriar av same forfattar og bøker/artikler om forfattaren som du undersøkjer og samanliknar.
  • Sjangerstudium: Du kan samanlikne og analysere fleire bøker/teikneseriar i ein bestemt sjanger (t.d. kriminallitteratur, romantisk litteratur, fantasy) og bruke bøker/artiklar om sjangeren.
  • Epokestudium: Her samanliknar du fleire forfattarar frå same litteraturhistoriske periode. Du kan også finne bøker/artiklar om den perioden eller dei forfattarane du har valt og bruke dei som ekstrainformasjon i analysen din.
  • Emnestudium: Er du superopptatt av sport? Eller bilar? Eller folk som har psykiske problem? Når du vel å skrive ei emnebasert oppgåve, finn du eit tema, gjerne eit tema som du er veldig opptatt av og fleire (eventuell ein) forfattarar og bøker/teikneseriar/artiklar om temaet.

Språk

  • Dialektar: Synes du folk frå Sunnmøre snakkar merkeleg? Eller at venen din, som går på Fana gymnas, har ein annan måte å banne på? Når du undersøkjer dialektar kan du bruke både vitskapeleg litteratur om temaet, og databasar på nettet med språkprøvar og dialektkart.
  • Stadsnamn/personnamn: Kvar kjem namnet ditt frå? Er det i slekt med andre namn. Finn ut!
  • Språkhistoriske emner: Korleis har det norske språket endra seg i løpet av dei siste hundre år? Språkhistorien er eit tema for dei språkinteresserte. Det finnes utruleg mykje informasjon, både i gamle bøker på biblioteka rundt omkring og på nettet.
  • Språksosiologi: Kven snakkar korleis? Finnes det spesielle grupper av menneske som slit med å finne seg jobb fordi dei har eit merkeleg språk, eventuelt fordi dei ikkje kan norsk? Har det noko med oppveksten i Loddefjord å gjere at Lars Vaular og John Olav Nilsen vart så populære? Når du undersøkjer slike temaer har du også høve til å finne masse informasjon på nett og på biblioteket. Spør bibliotekaren!

Media

  • Skjønnlitteratur og film: Samanliknar to heilt ulike medier som likevel er så tett knytt saman.
  • Filmanalyse: Sjå fleire filmar og analyser verkemiddel og tema.
  • Analyse av reklame: Har du sett reklame frå 50-tallet? Den er veldig morsom å samanlikne med reklame frå 2018.
  • Språk/innhald/stilistikk i radio, fjernsyn, bloggar, m.m.

Nettsider som kan hjelpe deg å velje