Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bibliotek

Biblioteket finn du i 1. etasje - til venstre når du kjem inn hovudinngangen. Velkomen!

Om biblioteket

På biblioteket får du låne skulebøkene du treng gratis. Alle elevar får eit eige bokskap til å legge bøkene i. Du må ta med eigen hengelås.

På biblioteket kan du gjere lekser, jobbe med gruppearbeid, bruke PC, lese bøker, tidsskrift eller aviser. Vi har skjønnlitteratur, fagbøker og DVD-er du kan låne med deg heim.

Lånekontrakt for elevar i vgs Søk i katalogen

Bibliotekaren hjelper deg med å finne bøker og kan rettleie deg i å søke på internett og i ulike databaser.

Biblioteket skal vere ein god stad for læring og arbeid, men også ein stad der du kan vere sosial saman med andre eller kople av. Respekter at andre ønskjer arbeidsro, hald eit behageleg lydnivå og rydd opp etter deg før du går. 

Bibliotek1.jpg

Låneregler

Du treng lånekort for å låne bøker og anna materiale i biblioteket. Nasjonalt lånekort får du i biblioteket ved å vise fram legitimasjon.

Alt materiale som blir tatt ut av biblioteket må bli registrert!

Lånetid

  • 4 veker for bøker
  • 1 veke for lydbøker
  • 1 veke for DVD
  • 2 veker for tidsskrift
  • 1 dag for oppslagsverk og hovudtelefonar

 Om du mister eller ødelegg noko, må du erstatte det.

Kjemibok_web.jpg
Bibliotek2.jpg

Reservering

Utlånt materiale kan reserverast. Du får beskjed når utlånt materiale blir tilgjengeleg for deg.

Fornye lån

Dersom ingen står på venteliste, kan du fornye låna dine. Dette kan du enten gjere sjølv i Mappa mi, per SMS (send BIB FORNY etterfølgt av nasjonalt lånenummer til 2242 for å fornye. Tenesta koster 2 kr per melding) eller du kan henvende deg til bibliotekaren.

Erstatning

Du er sjølv ansvarleg for alt materiale som er lånt. Tapt eller øydelagt materiale må bli erstatta. Etter 2. purring utan reaksjon frå lånar, blir det sendt rekning etter gjeldande erstatningssatsar.

Utlån av lærebøker

Du låner lærebøkene dine på biblioteket. Lånetida for lærebøker er ut skuleåret. Dersom du har gløymt læreboka heime, kan du låne eit nytt eksemplar dersom biblioteket har eit ekstra eksemplar tilgjengeleg.

Lærebøkene leverer du ved skuleslutt etter eigen innleveringsplan. Bøker som ikkje er innlevert innan siste frist, må bli erstatta.

Forside innføringsklassen.jpg

Fagleg hjelp

Bibliotekarane hjelper deg gjerne med tips og litteratur til fordjupingsemne eller til å lære deg å utøve kjeldekritikk. Bibliotekarane på Olsvikåsen hjelper deg gjerne med det du treng hjelp til.

Fordjupingsemne Kjeldekritikk

Skulebibliotekar
Profilbilde av Bente Solheim Pettersen

Bente Solheim Pettersen

Send e-post 55511400