Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Engasjerande skuledebatt

Skolevalg 2.jpg

Tysdag vart årets politiske skuledebatt arrangert på skulen. Engasjerte politikarar frå ungdomspartia i Hordaland debatterte skule og miljøspørsmål frå elevane.

Etter debatten var det politisk valtorg på skulen.
Elevane stod i kø for å få snakke med representantar frå dei ulike partia.
Skulen vil takke alle ungdomspolitikarane for ein god debatt og ønskjer dei alle lukke til med valinnspurten!

Ein ekstra stor takk går og til dei interne kreftene på skulen som har bidrege under skulevalet:
Til elevane i programfag politikk og menneskerettar med faglærar Kjersti, som har jobba hardt i fleire dager med å arrangere skulevalet.
Til Reidun, Ane og Kjartan som leia debatten med stø hand.
Til Anna som har laga ei svært populær oppgåve for elevane å bryne seg på ved valbodene.
Til Paul som har sørga for lyd og teknikk Til 1STA, 1STB, 1STC, 1KDA, 2KDA saman med sine kroppsøving- og mattelærarar som har rigga og rydda til debatt og valtorg.
Vi er stolte og takksame for at vi har så engasjerte elevar og lærarar på skulen vår!

Skolevalg 1.jpg