Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Informasjon til elevar og føresette skulestart 2021-2022

Tastatur_web.jpg

I denne artikkelen finn du svar på mykje av det du treng å vite til skulestart skuleåret 2021-2022. Artikkelen blir jevnleg oppdatert med ny informasjon.

(PS! Vi tek atterhald om endringar på kort sikt grunna Covid-19)

VIKTIG INFORMASJON TIL SKULESTART 2021-2022

Denne artikkelen er meint å hjelpe deg litt på veg i informasjonsjungelen den første skuleveka. Etter kvart som skulen kjem igang finn du all informasjon du treng på Its learning, på elevane si eigen intranettside OLV elev. Vi anbefaler alle elevar å leggje turen innom her dagleg for å halde seg oppdatert på siste nytt. På denne sida finn du også "Elevpermen", som mellom anna inneheld skjema og rutineskriv som kan vere viktige for deg i skulekvardagen.

Informasjon til elevar i VG1:

Måndag 16.08:
Oppmøte første skuledag klokka 08.30. Du møter direkte i klasserommet til klassen din. Det står guidar klare for å hjelpe deg med å finne riktig klasserom når du kjem.
Informasjon frå kontaktlærar.
Du får utdelt viktige skjema som du må ta med deg heim og fylle ut saman med føresette. Desse må du ta med deg att på skulen ved første høve.

Tysdag 17.08:
Bokutlevering
Startsamtalar m/føresette: Du vil få med deg invitasjon til startsamtale første skuledag. Her ønskjer vi å bli betre kjent med deg som elev, og samtalen er eit høve for deg å gi oss informasjon om det er noko vi treng å vite for å best mogleg hjelpe deg til å lukkast i skulen.
(Vi gjer merksam på at det ikkje er ein automatisk informasjonsflyt mellom ungdomsskule og vidaregåande skule på dokumentasjon på helseinformasjon og anna. Ta difor gjerne med deg dokumentasjon om du har helseutfordringar eller anna som krev ekstra tilrettelegging til samtalen).

Onsdag 18.08: 
Bokutlevering.
Startsamtalar fortset.

Torsdag 19.08:
Ekskusjon/bli-kjent-tur/undervisning med kontatklærar. Du får meir informasjon av kontaktlæraren din.

Fredag 20.08:
Undervisning.

Andre viktige gjeremål ved skulestart:
- Hugs å skaffe deg elev-PC. Les meir om elev-PC her: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/

- Alle elevar må signere følgande lånekontrakt (open frå 12. august): https://skjema.vlfk.no/opplaering/elev/lanekontrakt_elev

- Alle elevar har rett på utstyrstipend (dekkjer kostnad for elev-PC mellom anna). Nokre elevar har og rett på ekstra stipend. Søk om stipend og lån her: https://lanekassen.no/nb-NO/stipend-og-lan/norge/videregaende-skole/videregaende-skole/soknad-om-stipend-og-lan-til-videregaende-opplaring/

- Har du rett på skuleskyss?  Les meir om skuleskyss, og søk skuleskyss her: https://www.skyss.no/Verdt-a-vite/skoleskyss/?fane=2&anchor=0- Har du hatt fritak frå sidemål i ungdomsskulen? Hugs at du må søkje på nytt om fritak frå sidemål når du byrjar på vidaregåande skule. Du finn meir informasjon om dette i "Elevpermen" på OLV elev på Its learning.

- Har du kort butid i Norge? Då har du rett på særskilt språkopplæring i norsk. Du kan og ha rett til å få opplæring og gå opp i eksamen i norskfaget som er tilrettelagt for elevar med kort butid. Det vil bli arrangert eit informasjonsmøte om dette i første veka i september. Informasjon kjem på OLV elev på Its learning,

- Har du eit anna morsmål enn norsk? Då kan du erstatte framandspråk (tysk, fransk og spansk) med morsmålet ditt. Du må ta ein skriftleg og ein munnleg privatisteksamen i morsmålet ditt for å få godkjent vitnemål. Desse eksamenane er dekka av fylkeskommunen. Det vil bli arrangert eit informasjonsmøte om dette i første veka i september. Informasjon kjem på OLV elev på Its learning.

Informasjon til elevar i VG2:

Måndag 16.08:
Oppmøte første skuledag klokka 09.00. Du møter direkte i klasserommet til klassen din. Det står guidar klare for å hjelpe deg med å finne riktig klasserom når du kjem.
Informasjon frå kontaktlærar.
Bokutlevering
Startsamtalar m/føresette.
Du får utdelt viktige skjema som du må ta med deg heim og fylle ut saman med føresette (om du er under 18 år). Desse må du ta med deg att på skulen ved første høve.

Tysdag 17.08:
Startsamtalar m/føresette.

Onsdag 18.08:
Ekskursjon/bli-kjent-tur/undervisning utanfor huset. Du får meir informasjon av kontaktlæraren din.

Torsdag 19.08:
Undervisning

Fredag 20.08:
Undervisning

Andre viktige gjeremål ved skulestart:
- Alle elevar må signere følgande lånekontrakt (open frå 12. august): https://skjema.vlfk.no/opplaering/elev/lanekontrakt_elev

- Alle elevar har rett på utstyrstipend (dekkjer kostnad for elev-PC mellom anna). Nokre elevar har og rett på ekstra stipend. Søk om stipend og lån her: https://lanekassen.no/nb-NO/stipend-og-lan/norge/videregaende-skole/videregaende-skole/soknad-om-stipend-og-lan-til-videregaende-opplaring/

- Har du rett på skuleskyss?  Les meir om skuleskyss, og søk skuleskyss her: https://www.skyss.no/Verdt-a-vite/skoleskyss/?fane=2&anchor=0

- Er du over 18 år, men ønskjer at vi fortsatt skal ha kontakt med dine føresette? Då må vi ha ei signert samtykkeerklæring. Du finn denne i "Elevpermen" på OLV elev på Its Learning.

- Har du hatt fritak frå sidemål i ungdomsskulen? Hugs at du må søkje på nytt om fritak frå sidemål når du byrjar på vidaregåande skule. Du finn meir informasjon om dette i "Elevpermen" på OLV elev på Its learning.Har du søkt og fått innvilga fritak i sidemål frå Olsvikåsen vgs før, treng du ikkje søke på nytt.

- Har du kort butid i Norge? Då har du rett på særskilt språkopplæring i norsk. Du kan og ha rett til å få opplæring og gå opp i eksamen i norskfaget som er tilrettelagt for elevar med kort butid. Det vil bli arrangert eit informasjonsmøte om dette i første veka i september. Informasjon kjem på OLV elev på Its learning.

- Har du eit anna morsmål enn norsk? Då kan du erstatte framandspråk (tysk, fransk og spansk) med morsmålet ditt. Du må ta ein skriftleg og ein munnleg privatisteksamen i morsmålet ditt for å få godkjent vitnemål. Desse eksamenane er dekka av fylkeskommunen. Det vil bli arrangert eit informasjonsmøte om dette i første veka i september. Informasjon kjem på OLV elev på Its learning.

Informasjon til elevar i VG3:

Måndag 16.08:
Oppmøte første skuledag klokka 09.30. Du møter direkte i klasserommet til klassen din. Det står guidar klare for å hjelpe deg med å finne riktig klasserom når du kjem.
Informasjon frå kontaktlærar.
Bokutlevering.
Startsamtalar (m/føresette om du er under 18 år)
Du får utdelt viktige skjema som du må ta med deg heim og fylle ut saman med føresette(om du er under 18 år). Desse må du ta med deg att på skulen ved første høve.

Tysdag 17.08:
Ekskursjon/bli-kjent-tur/undervisning utanfor huset. Du får meir informasjon av kontaktlæraren din.

Onsdag 18.08:
Startsamtalar

Torsdag 19.08:
Undervisning

Fredag 20.08:
Undervisning

Andre viktige gjeremål ved skulestart:

- Alle elevar må signere følgande lånekontrakt (open frå 12. august): https://skjema.vlfk.no/opplaering/elev/lanekontrakt_elev

- Alle elevar har rett på utstyrstipend (dekkjer kostnad for elev-PC mellom anna). Nokre elevar har og rett på ekstra stipend. Søk om stipend og lån her: https://lanekassen.no/nb-NO/stipend-og-lan/norge/videregaende-skole/videregaende-skole/soknad-om-stipend-og-lan-til-videregaende-opplaring/

- Har du rett på skuleskyss?  Les meir om skuleskyss, og søk skuleskyss her: https://www.skyss.no/Verdt-a-vite/skoleskyss/?fane=2&anchor=0

- Er du over 18 år, men ønskjer at vi fortsatt skal ha kontakt med dine føresette? Då må vi ha ei signert samtykkeerklæring. Du finn denne i "Elevpermen" på OLV elev på Its Learning.

- Har du hatt fritak frå sidemål i ungdomsskulen? Hugs at du må søkje på nytt om fritak frå sidemål når du byrjar på vidaregåande skule. Du finn meir informasjon om dette i "Elevpermen" på OLV elev på Its learning. Har du søkt og fått innvilga fritak i sidemål frå Olsvikåsen vgs før, treng du ikkje søke på nytt.