Orientering om matematikk
Matematikk er eit obligatorisk fellesfag på studiespesialisering.
Du må ha matematikk både på Vg1 og på Vg2.
I løpet av dei første vekene av skuleåret (på Vg1) må du velje kva matematikk du skal ha.
1P
Praktisk matematikk. Dette er eit naturleg val for deg som ønskjer minimumskravet til matematikk. Når du går vidare på Vg2 vil du velje 2P matematikk.
Vel du denne løysninga, har du ikkje planlagt å få spesiell studiekompetanse.
Kjenneteikn for deg som vel 1P:
- Du treng ikkje matematikk til vidare studier
- Du veit at du må jobbe jamt og godt med matematikk for å lykkast
1T
Teoretisk matematikk. Dette er eit naturleg val for deg som liker matematikk. I forlenginga av dette valet vil du gå vidare med matematikk R1 på Vg2. Dersom du likevel ønsker å velje minst mogeleg matematikk, kan du velje 2P på Vg2.