Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Studiespesialisering

Ønsker du å studere ved universitet eller høgskule? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Vi tilbyr

Vi har to parallelle klassar på studiespesialisering, og vi tilbyr ei rekkje programfag.

Som elev på studiespesialisering vil du få ein aktiv og spanande skulekvardag.

Søk opptak

Kvifor studiespesialisering?

Studiespesialisering gir deg stor valfridom når du skal søkje vidare studier på høgskule eller universitet. Du som vel studiespesialisering kan få generell studiekompetanse eller spesiell studiekompetanse hos oss, alt etter kva fag du vel. 

Fag og timetal

Fag og timetall
Fag Timetal VG1 Timetal VG2 Timetal VG3
Sum timetall per uke 30 30 30
Samfunnsfag 3 0 0
Geografi 2 0 0
Kroppsøving 2 2 2
Norsk 4 4 6
Engelsk 5 0 0
Naturfag 5 0 0
1P/1T matematikk 5 0 0
2P matematikk 0 3 0
Historie 0 2 4
Religion og etikk 0 0 3
Framandspråk 4 4 0
Programfag 0 15 15

Første året

studiespes.jpg

På Vg1 må du velja framandspråk 2. Engelsk (framandspråk I) er obligatorisk fellesfag for alle. 

Skuleåret 2015/2016 tilbyr me følgjande framandspråk:

  • Fransk I
  • Spansk II
  • Tysk II

I matematikk kan du velja mellom to retningar. Ei teoretisk retning Vg1T, og ei praktisk retta retning Vg1P.

Orientering om framandspråk Orientering om matematikk

Andre året

foto

På Vg2 vel du fordjupning innan to fag frå programområdet ditt. Det tredje fordjupningsfaget kan du velja frå andre programområde.

Realfag

På Vg2 kan du velja mellom:

  • Matematikk R1
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1

Språk, samfunnsfag og økonomi

På Vg2 kan du velja mellom:

  • Internasjonal engelsk
  • Samfunnsøkonomi 1
  • Sosiologi og sosialantropologi

Andre valfag uavhengig av programvalet

  • Entreprenørskap
  • Biologi 1
  • Topp- breddeidrett
  • Fransk I + II

Tredje året

_MG_6012.jpg

På Vg3 held du fram med dei to programfaga du fordjupa deg i på Vg2. 

Realfag

  • Matematikk R2
  • Fysikk 2
  • Kjemi 2

Språk, samfunnsfag og økonomi

På Vg3 kan du velje mellom:

  • Samfunnsøkonomi 2
  • Samfunnsfagleg engelsk
  • Politikk og menneskerettar

I tillegg vel du fritt eit tredje programfag.

  • Entreprenørskap
  • Biologi
  • Fransk I + II
  • Topp- og breddeidrett

Programfag

Felles programfag

I Vg2 vel elevane to fag til fagleg fordjuping. Desse faga som er kalla felles programfag, må elevane gå vidare med i vg3. Kvart fag er på fem timar pr. veke, og begge faga må vera innanfor det same programområdet. Elevane må såleis velja fagleg fordjuping anten i programområdet realfag eller i programområdet språk, samfunnsfag og økonomi.

Valfrie programfag

Både i vg2 og i vg3 skal elevane velja 5 timar valfritt programfag pr. veke uavhengig av kva som er valt til felles programfag. Her kan det difor veljast fritt innanfor realfag, språk, samfunnsfag og økonomi, idrettsfag eller musikk.
Tilbodet av valfrie programfag kan endra seg noko frå år til år – m.a. avhengig av kva fag elevane prioriterer.

Kontakt oss

Avdelingsleiar Profilbilde av Jane Merete Myhre

Jane Merete Myhre

Send e-post

Vegen vidare

Etter tre år og med studiekompetanse i lomma, kan du velje mellom mange høgare utdanningar. Det gjer du på Samordna opptak.