Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elektro og datateknologi

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning. Det betyr at du går 2-3 år på skule før du søkjer læreplass. Lengda på utdanninga varierer noko avhengig av kva lærefag du vel. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Vi tilbyr

Odda vidaregåande skule har lang tradisjon for utdanning innan elektrofag. Vi har gode faglærar med lang erfaring frå elektrobransjen. Hos oss kan du søkja:

  • Vg1 Elektro og datateknologi
  • Vg2 Elenergi
Søk opptak

Kvifor velje elektro og datateknologi?

Elektro og datateknologi er eit framtidsretta utdanningsval som gjev deg mange moglegheiter. Med fagbrev innan elektro og datateknologi stiller du sterkt både med tanke på moglegheiter for arbeid og vidare utdanning.

Meir om elektrofag

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Norsk 0 4
Matematikk 3 0
Naturfag 2 0
Engelsk 5 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 3
Felles programfag 17 17
Yrkesfagleg fordjuping 6 9
Sum timetal per uke 35 35

Første året

_MG_5620.jpg

Vg1 Elektro og datateknologi,

Elektro og datateknologi omfattar system for produksjon og distribusjon av elektrisk energi, system for tele- og datakommunikasjon og ei rekke elektriske apparat.

Olje- og industriell produksjon, luft– og jernbanetransport og helsestell er pålagt stadig strengare krav om kvalitet, tryggingssystem,  krav det ville vore vanskeleg å oppfylla utan elektriske system og kompetente fagfolk til å installera og vedlikehalda dei.

Utdanningsprogrammet vil hjelpa til å sikra fagarbeidarar innanfor desse yrka utfordrande oppgåver. Det legg vekt på innsikt, oppleving, refleksjon og medvitne val knytte til dei elektriske systema.

Felles programfag i Elektro og datateknologi er det faglege grunnlaget for utdanning til fleire yrke i dette utdanningsprogrammet. 

Andre året

elektro.jpg

Vg2 Elenergi

I eit høgt utvikla teknologisk samfunn treng ein sikre og velfungerande elektriske system. System for elenergi med produksjon, fordeling og installasjon, system for automatisering vert brukte i bustader, næringsbygg, industri og arbeidsliv.

Utan elenergisystem vil det vera krevjande å oppfylla ønsket om teknologiske krav til kvalitet og komfort på viktige område innanfor olje- og industriproduksjon og i bustader. Desse krava vil det vera vanskeleg å stetta utan kvalifiserte fagfolk.

Den teknologiske utviklinga i elenergifaga krev forståing, innsikt og utstyr.

Opplæringa i elenergifag skal utvikla di evne til å tenkja heilskap, fremja forståing for system og tryggleik og utvikla evna til omstilling. Vi legg vekt på oppleving, utprøving, innsikt og medvitne val knytte til elenergi systema og tilhøyrande utstyr.

Opplæringa skal fremja sjølvstende og samarbeid med andre i og utanfor eige fagområde.

Vegen vidare

Etter to år på skulen kan du velja å gå ut i lære eller ta påbygging til generell studiekompetanse (Vg3).

Ta kontakt

Avdelingsleiar YF
Profilbilde av Geir Rønningen

Geir Rønningen

Send e-post 53649627
Seksjonsleiar
Profilbilde av Øivind Eike

Øivind Eike

Send e-post 53649611