Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Informasjon fra Lånekassen

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend. Unntaka er lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar. Du må sjølv søkje om stipend, og du kan søkje først etter at du har fått skoleplass.

Slik søkjer du om stipend

Har du ungdomsrett og har søkt om opptak på vigo.no til ein offentleg vidaregåande skole? Då er det enklast å klikke seg direkte frå vigo.no til Lånekassen sin søknad, samtidig som du takkar ja til skoleplassen på Vigo. Du finn også søknaden på Dine sider på lanekassen.no. Der kan du og følgje med på korleis det går med søknaden din.

Endringar?

Pass på dersom du har høgt fråvær, endrar fag eller avbryt utdanninga.

Du må melde frå til Lånekassen med ein gong dersom

  • du sluttar eller tek ein pause i utdanninga di
  • byter skole eller studieretning
  • flyttar heim til foreldra dine

Skulen melder frå til Lånekassen dersom

  • du har stort fråvær
  • sluttar i eit fag
  • får fritak frå eit fag

Dersom du har for stort fråvær, sluttar i fag eller får fritak for fag, kan det påverke kor mykje stipend du får.

Skal du på utveksling?

Då må du sende inn stadfesting både frå skolen din i Noreg og frå utvekslingsorganisasjonen. Du finn meir informasjon om utveksling i utlandet på Lånekassen sine nettsider. Du finn meir informasjon om stipend og lån på lanekassen.no og på Lånekassen si side på Facebook for deg på vidaregåande skole.

Under 18 år? No kan foreldra dine signere for stipendet ditt digitalt

Er du under 18 år og får stipend frå Lånekassen, må ein av foreldra dine signere for deg.No kan dei signere raskare enn før, sidan dei kan signere digitalt.

Dersom foreldra dine har ein digital postkasse, får dei raskare ein digital kopi av svaret på søknaden din, og kan signere for deg med ein gong.

Foreldre kan opprette ein digital postkasse (Digipost eller e-Boks) på veldigitalpostkasse.no. For å opprette postkassen må dei ha ein elektronisk ID, for eksempel BankID.

Elevar må signere for lån

Elevar som får lån, må sjølve signere avtalen om støtte. Avtalen vil alltid komme på papir i posten, og den må signerast av både deg og ein forelder dersom du er under 18 år.

Vent med å søkje om stipend

Elevar i vidaregåande kan søkje om stipend frå Lånekassen for neste skoleår når dei har fått ein skoleplass, og tidlegast i juni 2016.