Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Om Odda vidaregåande skule

Skulen ligg på Eidesmoen. Opphaveleg var dette Odda yrkesskule og Odda gymnas som i 1994 vart slått saman til Odda vidaregåande skule. Skulen består av to bygg som ligg tett opp til idrettsanlegga og nær Odda ungdomsskule.

Ved Odda vidaregåande skule får du:

  • Spanande og varierte studieretningar - frå studiespesialisering, idrettsfag og helse- og oppvekstfag til elektrofag, teknikk og industriell produksjon, bygg og anleggsteknikk og smedfag.  Det er og stor breidde i val av fag innan kvar studieretning
  • Ein triveleg skule med moderne utstyr
  • Eit aktivt og inkluderande læringsmiljø i tett  samarbeid med næringslivet og offentlege institusjonar. Vi har gode erfaringar med å finna rett læreplass for våre elevar
  • Dyktige og engasjerte lærarar som tek deg på alvor og gir god oppfølging
  • Ein skule som er engasjert i internasjonalt samarbeid og internasjonale prosjekt
  • Eit tilbod i nærmiljøet som gir mange moglegheiter mellom anna innan organisasjonar, musikk, kultur og idrett

Administrasjon

Administrasjonen finn du i foajeen på yrkesskulebygget. 

_MwF_7720.jpg
_MwF_7795.jpg