Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Vi ynskjer at du skal få hjelp og støtte til det du treng på skulen. Hjelp til utdannings- og yrkesval, faglege og sosiale utfordringar, men også trivselstiltak som bidreg til å skapa eit godt og inkluderande læringsmiljø.

Rådgjevar

Sosialrådgjevar

Bergfinn sine oppgåver er å sjå til at du får hjelp og rettleiing kring sosiale tilhøve på skulen.

Dersom du har problem med skulefaga, t.d. matematikkvanskar eller lese- og skrivevanskar,  kan han hjelpa til med at du får tilrettelegging og hjelp.

Har du problem med å konsentrera deg om skulegongen? Kom innom og ta ein prat.

Bergfinn kan òg kontakte helsesøster, oppfølgings- og PP-tenesta eller andre instansar som kan hjelpa deg. 

Sosialrådgjevar
Profilbilde av Bergfinn Kvalnes

Bergfinn Kvalnes

Send e-post 53649619

 

Avdelingsleiar for elevretta tenester (tidlegare elevinspektør)

har ansvar for reglement, elevråd og elevdemokrati, hybelliv og førebyggande arbeid (til dømes mobbing).

Avdelingsleiar for elevretta tenester
Profilbilde av Geir Veland

Geir Veland

Send e-post 53649626

Studie- og yrkesrettleiar

Oppgåva som studie- og yrkesrettleiar er lagt til avdelingsleiarane ved skulen. Dei kan hjelpe deg med yrkesrettleiing, søknad til folkehøgskule, søknad til vidaregåande skule, ordinær søknad og læreplass.  Dei kan og hjelpe deg med søknad til høgskular og universitet.

Avdelingsleiar (avd. for Studiespesialisering)
Profilbilde av Jane Merete Myhre

Jane Merete Myhre

Send e-post 53649621
Assisterande rektor, (avd. for Idrettsfag/merkantilt og reinhald)
Profilbilde av Turid Bådsvik Hauso

Turid Bådsvik Hauso

Send e-post 53649625
Avdelingsleiar for elevretta tenester
Profilbilde av Geir Veland

Geir Veland

Send e-post 53649626
Avdelingsleiar (Yrkesfag)
Profilbilde av Geir Rønningen

Geir Rønningen

Send e-post 53649627

SKULEHELSETENESTA

Karin Melkeraaen Eike er helsesjukepleiar og Sindre Dalheim Haddeland er fysioterapeut ved skulehelsetenesta på Odda vidaregåande skule. Helsesjukepleiar Karin Melkeraaen Eike er til stade kvar torsdag frå kl 08.00 til kl 15.00. Kontora ligg i gymnasbygingen sin underetasje.Du kan koma nedom kontoret utan avtale, eller ta kontakt på e-post/sms: karin.eike@odda.kommune.no  mobil: 975 58 437.

Turnusfysioterapeut Sindre Dalheim Haddeland kan du treffa på skulehelsetenesta sitt kontor, annankvar onsdag mellom kl. 08.30-09.30. Du kan koma nedom kontoret utan avtale. Helsesjukepleiar kan og formidla kontakt til fysioterapeut. Tenesta er gratis og ein har teieplikt.

Psykolog er tilgjengeleg annankvar tysdag i oddetalsveker. Kontakt sosialrådgjevar  Bergfinn Kvalnes for avtale.

Nullmobbing

Udir har ei eiga side med informasjon til barn, unge og foreldre/føresette om mobbing.

Elev og lærlingombod i Hordaland

Sigrid Isdal er elev- og lærlingombod i Hordaland fylkeskommune og jobbar for at du som er elev eller lærling skal få rettferdig behandling.

Lurer du på noko som gjeld skulekvardagen din? Er du usikker på kva som er innanfor? Kva som er greitt og kva som er ugreitt når du er lærling? Får du opplæringa du har rett på? Opplever du at noko er urettferdig?

Dette og meir kan du snakke med Sigrid om. Ho passer på rettane dine og informerer deg om ansvaret ditt. Ho har teieplikt! 

Profilbilde av Sigrid Isdal

Sigrid Isdal

Send e-post 40403145

 

Meir informasjon på www.hordaland.no/elev-og-larlingombod. Du finn ho også på Snap (Elombud) og på Facebook (Elev- og lærlingombodet i Hordaland).