Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elev-PC

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan få rimelegare PC gjennom Hordaland fylkeskommune når du skal kjøpe datamaskin.Du har sjølv ansvar for å skaffe deg PC til skulestart i august. For å være sikra levering før skulestart må bestillinga skje innan 31. juli.

Du kan velje mellom å:

Kjøpe gjennom leverandøren til Hordaland fylkeskommune

Fylket tilbyr fleire maskiner med subsidie. Du kan berre kjøpe ei datamaskin gjennom fylkeskommunen sin avtale, og avtalen gjeld berre for elevar som startar i Vg1 for fyrste gong i offentlege vidaregåande skular.

Bruke eiga maskin

Du kan bruke ei maskin du allereie eig. Du må då ha eit antivirusprogram som er oppdatert, og du må  kunne produsere og levere inn oppgåver i format som er mogleg å lese for læraren.

Kjøpe maskin i butikk

Du kan også velje å kjøpe maskin i butikk. Hugs då å sjekke at maskina du kjøper er eigna til bruk i undervisninga.

Du vil få gratis tilgang til alt du treng av programvare på skulen (blant anna Office 365).

Informasjonsskriv til nye elevar.

Ulike utdanningsprogram bruker ulik programvare. Det er lurt å vurdere valet av datamaskin mot programvaren som du skal bruke.

Grunnmodellen

Denne maskina er av god kvalitet og vil passe til dei fleste utdanningsprogramma. Grunnmodellen er i prinsippet gratis fordi han blir dekt fullt ut av utstyrsstipendet fra Statens lånekasse over tre år.

PC eller Mac?

For mange elevar vil PC vere det beste alternativet. På fleire av utdanningsprogramma blir det brukt programvare som berre fungerer på Windows. Dersom du likevel kjøper ein Mac må du skaffe deg ein Windows-lisens i tillegg slik at du kan kjøre desse programma i Windows på Mac-en. Ta kontakt med skulen for meir informasjon om dette.

Chromebook

Dersom du har ein chromebook vil du, mellom anna, få problem med å gjennomføre nettbaserte prøvar og eksamenar. Då må du nytte ein annan maskin - anten ein Windows-basert PC, eller ein Mac. Vi kan derfor ikkje anbefale chromebook til bruk i undervisninga.

Utdanningsprogram som krev meir yting

Nokre utdanningsprogram krev større yting i samband med bruk av spesielle program.  I studieretningane TIP, Byggfag og Elektro blir det brukt programvare som berre fungerer på Windows. Dette gjeld for eksempel programvare for dataassistert konstruksjon (SolidEdge, DDS, MECA). 

Det betyr at du IKKJE kan ha desse programma på MAC eller Chromebook .