Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Opphald i utlandet

Som elev ved Voss vgs får du sjansen til å vera med på spanande og lærerike opphald ute i Europa.
Hest.jpg
Landbruk.jpg

Alle Vg2-elevar får tilbod om stipend gjennom EU-midlar, og desse stipenda er på 3-4 veker og er kalla for Erasmus pluss –stipend.

Sidan 2002 har me kvart år hatt elevar utplassert i ulike europeiske land i periodar av skuleåret. Dette er ein veletablert praksis som me vil vidareføra.

Arbeidsmarknaden vert meir og meir internasjonal, og i tråd med det ynskjer me å gjera elevane i stand til å handtera den framtidige arbeidsmarknaden.

Språket som vert nytta i samband med internasjonalisering, er i all hovudsak engelsk. Sjølv om me samarbeider med mange land som ikkje har engelsk som hovudspråk.

Samarbeidspartar er:

  • Villmark : Austerrike, Slovakia og Island
  • Hestefag: England, Frankrike, Island og Danmark
  • Landbruk: Frankrike, Slovenia, Island og Danmark
  • Bygg og anlegg : Danmark

Alle elevar i kan søkja om stipend når dei er elevar i Vg1, og om ein får stipend vert praksisen i utlandet gjennomført i løpet av Vg2-kurset.

Vossaskulane i Europa: internasjonalisering i Europa gjennom Eu-programmet Erasmus+

Bygg.jpg

Korleis søkjer du

I slutten av Vg1 får alle elevane informasjon om dei ulike stipenda dei kan søkje på og ta del i på Vg2.  Dei som ønskjer fyller inn søknadsskjemaet og leverer det inn på skulen. Det er skulen som behandlar søknadane. Dei elevane som får innvilga søknaden blir invitert til eit informasjonsmøte med føresette i god til før avreise. 

 

Ta kontakt for meir informasjon

Rådgjevar
Profilbilde av Trond Remme

Trond Remme

Send e-post 47269855