Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Internat på Rogne

Det er eit felles internat for begge dei to nye vidaregåande skulane på Voss.

Internatet er eit trygt og fint tilbod for deg som skal gå på vidaregåande skule på Voss.  Her får du bu i eit fellesskap, men med eigen hybel og med tilgang på trådlaust internett og felles opphaldsrom. Du bur ilag med ungdomar på din eigen alder, det er alltid nokon å vera ilag med. Internatet er på Rogne, det er nesten midt i Voss sentrum.

Internatet
Internatlivet er tett, sosialt og eit minne for livet!

 

Fritidsaktivitetar

I gymsalen på nye Voss gymnas, som ligg nede ved Voss idrottsplass, er det aktivitetar for dei som ynskjer dette, med volleyball, basketball, kanonball, fotball, m.m. Dette skjer kvar onsdag kl. 20.00 – 22.00. Dagen kan bli endra.

Når skisesongen er i gong og Voss Resort byrjar med kveldskøyring i Bavallen, køyrer og hentar med deg i skianlegget. Kveldskøyringa er ope onsdagar kl. 18.00 – 21.00. Fredagane er det og kveldskøyring, men då må du ordne deg med transport sjølv. Av andre elevaktivitetar på internatet har ein Quiz-kveldar, leik med bordtennis, spel med kort og Monopol osv. Alt dette for å skapa engasjement og trivnad for bebuarane på internatet vårt.

Me har laga til eit media-rom der du bl.a kan sjå film/spele dataspel på storskjerm. Eller berre høyre på musikk, sidan me har eit bra surround-anlegg til dette føremålet. I tillegg kan du sjølvsagt bruke dette rommet til lekser, førebuing til prøvar osv.

I vinter hadde me og ein lærar som underviste ekstra i matematikk til elevar som trengde det. Det vart veldig populært, også sidan me laga til vafler og saft i slutten av undervisninga. Me håpar at me kan få til noko liknande komande skuleår og.

Me har og eit aktivitetsrom nede, der du bl.a kan spele bordtennis, dart og spele mange ulike spel. I tillegg har me ei trimavdeling med eit multiapparat + vekter og benk og ein del matter til diverse aktivitetar.

I kjellaren vil ein få tildelt kvar si bod, der du bl.a kan ha sykkel, ski osv., ting som du ikkje vil ha på rommet. Du må sjølv syta for hengjelås til boda!

 

Det er gå- eller sykkelavstand til dei to skulane på Voss. Kvar morgon går det buss til Voss vgs i Skulestadmo kl 0745. Der kan dei elevane som ynskjer det kjøpe seg ein god og rimeleg frukost i skulekantina før skulestart.


Kjøkken
Kvar etasje har sitt eige kjøkken og opphaldsrom. På kjøkkenet er det bl.a kjøleskåp, frysar, mikroovn, oppvaskmaskin, vasskokar, bestikk, kopper og kar og det meste som du treng for å laga deg mat. I tillegg har me fjernsyn med Riks-tv og salong på kvart fellesrom.


Rommet ditt
På rommet ditt er det seng med madrass, vask med spegel, pult og stol og eit garderobeskåp. Du ordnar sjølv med gardin, dyne og pute. Vaskeutstyr (mopp/bøtte/klut) til å vaska rommet ditt må du ha, og i kvar etasje står det ein støvsugar til disposisjon.


Vaskerommet
På vaskerommet har me 4 stk. vaskemaskiner og 4 stk. tørketromlar til disposisjon. I tillegg har me rom til å tørke klede, sko og telt, soveposar osv. Du må sjølv halde deg med vaskemiddel!


Vekking!
Kvar morgon blir du vekt av nattevakten.  

Tilbod om mat på Voss vidaregåande 

Kantina på skulen tilbyr «ei matpakke» for elevar med frukost og middag. Dette kostar i inneverande år 1500,- pr mnd. Alle våre elevar kan nytte seg av dette tilbodet, ikkje berre dei som bur på internatet. For skuleåret 2018/2019 er prisen for "matpakka" 1800 pr mnd.

Prisar pr. månad

  • dublettrom kr 4500,-
  • enkeltrom kr 4800,- 

 Søknadsskjema internat (pdf)
 Søknadsskjema internat (docx)

Kontakt

Fungerande internatleiar er Marit S. Glimme

Internatleiar 902 99 915 Miljøarbeidar 952 34 602 Nattevakt 952 34 602 Elevinspektør 926 00 235 Kontoret Voss vgs 57307600