Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Elevtenester

Her finn du informasjon om helsesøster, elevinspektør, rådgjevar og elevrådet.

HELSESØSTER

Treng du nokon å snakke med kan ho vere god å ha. Helsesøster har teieplikt, og tilbodet er gratis. 

Du kan snakke med helsesøster om det meste, blant anna:

  • alkohol, tobakk, stoff
  • om du er trist eller lei
  • har spørsmål om helsa
  • har søvnproblem
  • seksualitet og prevensjon
  • kosthald
  • har problem heime

Helsesøstera vår heiter Nina Helgaset. Ho er til stades på skulen her kvar tysdag og torsdag kl. 09.00 - 12.00, og ho har tlf. 95262061.

Du kan tinga time på kontoret eller via kontaktlærar. Du kan òg stikke innom på kontoret hennar som ligg i administrasjonsfløyen i 1. etasje.

VVS bibliotek.JPG

BIBLIOTEKET

På biblioteket kan du gjere lekser, jobbe med gruppeoppgåver, låne bøker eller berre slappe av med ei bok. 

Skulepsykolog

Stian Wessel Jordan er skulepsykolog ved Voss vgs. Han har kontor i 1. etasje i administrasjonsdelen saman med helsesøster.
Trefftid: Onsdagar kl. 08:00-15:45 Fredagar kl. 08:00-15:45

Skulepsykologen har teieplikt og kan henvise til BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) eller andre instansar om eleven seier seg einig og ved behov. Skulepsykologen samarbeider med alle tilsette som jobbar med elevar (inkl. elevinspektør, helsesøster, kontaktlærar osv.). Skulepsykologen jobbar for betring av det psykososiale miljøet samt førebygging av psykiske plager. Han tek seg av saker som verkar inn på trivsel, helse, læring og motivasjon på både individ- og gruppenivå. Samtaletid med skulepsykolog vert ikkje rekna som fråvær når samtalen er dokumentert.

For tilsette

  • Traume. Kurs om traume, praktiske råd og tips. Psykologiske reaksjonar, tankar og følelsar hjå elevar med traumatiske opplevingar.
  • Relasjonskompetanse. Forsking viser at relasjonen mellom lærar og elev kan ha stor innverknad på eleven sitt læringsutbytte.
  • Psykisk helse. Fokus på dei vanlegaste plagene og lidingane blant ungdom. Det er fokus på korleis ein møter elevar med psykiske vanskar og korleis ivareta dei på best mogleg måte i skulekvardagen.

Ved behov kan også andre tema bli tatt opp for elevar og tilsette.

 

Psykolog
Profilbilde av Stian Jordan

Stian Jordan

Send e-post 40806296

Områder ein skulepsykolog kan hjelpe med:

For eleven

  • Stressmestring. Kva skjer i kroppen, korleis blir konsentrasjonen og motivasjonen påvirka og korleis ein kan få meir kontroll over kroppen når ein er stressa.
  • Søvn. Søvnen sin innvirkning på konsentrasjon, innlæring og minne. Søvnhygiene og generelle søvnråd.
  • Psykiske vanskar. Generelt og spesifikt om psykisk helse. Korleis tek ein vare på si eiga psykiske helse. Kvar går grensa mellom normalt og sjukt. Informasjon om dei vanlegaste psykiske plagene blant ungdom, med fokus på mestring.
  • Ta-ordet. Eit gruppetilbod for elevar som synes det er vanskeleg å ta ordet eller presentere i klassen.

RÅDGJEVAR OG ELEVINSPEKTØR

Rådgjevar

Rådgjevar kan hjelpa deg med:

  • Kvar du skal utdanne deg
  • Kva utdanning du kan ta
  • Korleis du kan studere utanlands
  • Korleis du kan skrive ein søknad
  • Tilrettelegging viss kvardagen er tung
  • Informasjon om tilbod og krav frå  skular

Rådgjevarane har teieplikt,  og kan berre gi opplysningar vidare etter avtale med eleven. Dei har likevel opplysingsplikt om dei får informasjon om alvorlege hendingar som kan vere til skade for eleven. 

Rådgjevar sitt kontor ligg i administrasjonsfløy i 1.etasje.

Elevinspektør

 Elevinspektøren er eleven sin talsmann og skal sørge for at eleven si velferd blir tatt vare på på best mogleg måte. Han skal saman med rådgjevar hjelpe elevane med skulerelaterte eller personlege vansker. I tillegg har elevinspektøren ansvar for  å følgje opp elevrådet.

Du finn elevinspektøren vår i administrasjonsfløy i 1.etasje.

Kontaktinformasjon

Rådgjevar
Profilbilde av Trond Remme

Trond Remme

Send e-post 47269855
Rådgjevar
Profilbilde av Anders K Finne

Anders K Finne

Send e-post 57307615
Elevinspektør
Profilbilde av Samson Hamre

Samson Hamre

Send e-post 57307622

Elevrådet

Elevrådet skal arbeida for trivsel og godt samarbeid i skulemiljøet, og ta opp elevsaker og fremja dei for skuleadministrasjonen.

Elevinspektøren er elevrådet sin kontaktperson inn til skuleleiinga.  Elevrådet er samansett av ein tillitselev frå kvar klasse. Desse vel sjølve eit elevrådsstyre.

Styret skal ha leiar, kasserar og skrivar og elles så mange medlemmer som elevrådet vedtek.  

Elevkoordinator

 Hilde Marie Kårbø er Elevkoordinator ved dei to vidaregåande skulane på Voss. Elevkoordinatoren arbeider med elevane og fylgjer dei opp slik at dei kan gjennomføre vidaregåande opplæring på ein god måte.

Elevkoordinator
Profilbilde av Hilde Marie Kårbø

Hilde Marie Kårbø

Send e-post