Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Undersøking om sosiale media og psykisk helse

Elevar i VG2 og VG3 skal i løpet av veke 38 og 39 gjennomføre undersøkinga «Ungdom og sosiale medium».

Spørreundersøkinga er ein del av nasjonalt program for folkehelsearbeid i kommunane, og den er den første store kartlegginga av ungdommane sine liv på sosiale medium i Noreg. Det er frivillig å delta i undersøkinga, og i starten av spørjeskjemaet vil elevane få spørsmål om dei ønskjer å delta i studien eller ikkje.

Dei som deltek har sjansen til å vinne eit (av 10) gåvekort på 500 kroner.

Spørreundersøkinga foregår i klassen.