Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Vi tilbyr opplæring i tilrettelagte grupper for elevar som har behov for det. Gruppene er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Eleven får eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er gjennomført.
Avdelinga skal gje tilpassa opplæring i grupper med redusert elevtal.
Tilbodet er knytt opp mot eit utdanningsprogram. Dette er eit utdanningsløp som fører fram til grunnkompetanse.
Mål om grunnkompetanse vil seie at opplæringa tar utgangspunkt i dei faga eller delar av faga som eleven kan meistre. Ved endt studietid får eleven eit kompetansebevis som viser kva mål i læreplanen som er oppnådd i staden for eit vitnemål med karakterar. Ordninga krev enkeltvedtak om spesialundervisning.
Utdanninga passar for elevar som ikkje kan gjere seg nytte av eit ordinært opplæringstilbod, og som derfor treng ein heilskapleg individuell opplæringsplan (IOP.) Eleven får eit individuelt tilpassa opplegg som ivaretar eleven sine behov og integritet.
Avdelinga har tilnamnet «Arbeidstrening- og livsmestring» og legg vekt på praktisk arbeid og utvikling av sosial kompetanse.
På avdelinga er det plass til 8 elevar. Desse vert inndelt i ulike grupper alt etter fag og elevbehov. Ansatte er miljøfagarbeidarar, spesialpedagogar og faglærarar.
Målet er at elevane skal oppleve auka grad av meistring og vere trygge og deltakande menneske. Det er også viktig å kvalifisere seg til eit framtidig varig tilrettelagt arbeid eller eit tilrettelagt arbeid i ordinært arbeidsliv.
Som elev på arbeidslivstrening på Nordahl Grieg får du:
I dette arbeidet brukar vi metoden Anerkjennande Elevsamtalar. Dette inneber jamlege, individuelle samtalar med personleg veiledning i forhold til mål og korleis ein skal klare å nå måla sine. Meistring og det å ta utgangspunkt i eleven sine ressursar og styrkar er svært viktig.
Vi er ei avdeling med fokus på praktisk opplæring. Avdelinga er organisert som ein vekstbedrift, der elevene får opplæring i ulike arbeidsområder som:
Vi samarbeider med ei rekkje vekstbedrifter og alle elevar får tilbod om arbeidsutprøving i bedrift, hovudsakleg i andre og tredje skuleår. Skulen finn praksisstad ut frå eleven sine evner, ynskjer, funksjonsnivå og skulen og praksisstaden sine vurderingar og om kva som eignar seg.
Vi legg vekt på at opplæringa skjer i ein realistisk arbeidssituasjon, og er bygd opp etter modell av vekstbedrifter. På dei ulike læringsarenaene utfører elevane arbeidsoppgåver som er i samsvar med dei krav som blir stilt i arbeidslivet.
Dette handlar om å meistre eigen kvardag og inneheld temaene:
Så langt det er mogleg foregår innlæringa i dei ulike temaene i ein praktisk samanheng og på ulike læringsareal på skulen.
Elevane skal ved innsøking velje eit utdanningsprogram som vi gjev fordjuping innanfor. Dei kan velje mellom utdanningsprogramma Medier- og kommunikasjon, og Helse- og oppvekstfag.
Medier- og kommunikasjon:
Opplæring gjev kompetanse i bruk av bl.a. foto-, video- og lydutstyr, dataspel og sosiale medier. Elevane jobbar bl.a. med kortfilmar, fotoprosjekt og portrettfotografering. Eit viktig mål er at det ved bruk av slike verktøy skal skapast meistringsopplevingar og eit positivt sjølvbilde.
Helse- og oppvekstfag:
I dette faget fokuserer vi på kva den enkelte elev kan gjere for å ta vare på si fysiske, psykiske og sosiale helse. Kunnskap og erfaring med dette gjev betre livskvalitet. Eksempel på tema er: personleg hygiene, kvardagsaktivitet, kosthold, meistring, sjølvtillit og sjølvkjensle, førstehjelp.
Modell for arbeidspraksis:
Skuleår | Termin 1 | Termin 2 |
Vg1 | Arbeidsoppgåver på skulen |
|
Vg2 | Arbeidsoppgåver på skulen | Ekstern praksis i vekstbedrift 1-2 dagar pr veke |
Vg3 | Ekstern praksis i vekstbedrift 2-4 dagar pr veke |
Fag | Timetal Vg1 |
---|---|
Helsefremjande arbeid (kjøkken, helse, ungdom- og vaksenliv, hygiene) | 8 |
Kommunikasjon og samhandling | 3 |
Yrkesfaglig fordjuping (YFF) (arbeidspraksis/arbeidstrening) | 6 |
Utdanningsprogram: 1. Helse og oppvekst 2. Medier og kommunikasjon | 4 |
Kroppsøving (gymsal, treningsrom, turdag) | 4 |
Norsk (praktisk orientert) | 2 |
Matematikk (praktisk orientert) | 1 |
Engelsk (praktisk orientert) | 1 |
Samfunnsfag (nyheiter, friluftsliv og fritid, turdag, institusjonar og samfunnsliv) | 4 |
Musikk | 2 |
Sum timetal per veke | 35 |
Det vert krevd at eleven har enkeltvedtak om spesialundervisning. Du kan søke via vigo.no og må i tillegg fylle ut et søknadsskjema.
Søknadsfristen er 1. februar for å kome med i ordinært opptak.
Les meir om søknad om spesialundervisning.
Du kan kontakte rådgjevar på ungdomsskulen for å få hjelp til å søkje . Du kan også ta kontakt med inntakskontoret på e-post: inntak@hfk.no om du har spørsmål om tilbod og søking .