Vg2 Studiespesialisering
På Vg2 vel du fordjuping innan tre fag på ditt eige programområde. Det fjerde fordjupingsfaget kan du velje frå andre programområde. Du kan velje i blokker.
Forklaring til skjemaet: Du skal velje eitt fag frå kvar kolonne.
- Vg2 STUDSP skal velje frå blokk 1, 2, 3 og 4, altså 4 ulike fag totalt
- Vg3 STUDSP skal velje frå blokk 4, 5 og 6, altså 3 fag totalt
- Vg3 Påbygg skal berre velje eitt fag frå blokk 3
Vg3 STUSP må velje ut frå reglar om fordjuping.
Realfag
På Vg2 kan du velje mellom: Matematikk R1, Matematikk S1, Fysikk 1, Kjemi 1, Musikk 1, Biologi 1, Informasjonsteknologi 1 (IT), Teknologi og forskingslære 1 (TOF) og Geofag 1.
Språk, samfunnsfag og økonomi
På Vg2 kan du velje mellom: Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 (EBU), Internasjonal engelsk, Sosiologi og sosialantropologi, Marknadsføring og leiing 1, Samfunnsgeografi, Økonomistyring, Psykologi 1, Rettslære 1.
Grøn innovasjon
Dette er ein programpakke som er ein kombinasjon mellom enkelte realfag og økonomiske fag. Vi fokuserer spesielt på skulen sitt satsingsområde innan bærekraftig utvikling. Programfaga som går inn i Grøn innovasjon er: Teknologi og forskingslære, fysikk, informasjonsteknologi, marknadsføring og leiing, og entreprenørskap og bedriftsutvikling (EBU)
Framandspråk 2
Alle elever må ha eit framandspråk på Vg2. Vi gir tilbod om: fransk 2, tysk 2 og spansk 2.
Musikk 1
På Vg2 kan du også velje musikk som programfag. Dette er eit fag som legg vekt på praktisk musikk, og er henta frå studieprogram for musikk, dans og drama.
Vg2 i utlandet
Nokre elevar vel å søke om eit opphald i utlandet dette året, noko vi legg til rette for. Les meir om moglegheitene.