Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Sjukehusskulen

Sjukehusskulen gir opplæring til barn og unge i grunnskule eller vidaregåande skule som er pasientar og som har rett til opplæring og skuleplass (gjeld vidaregåande elevar).

Skal du gå på skule når du er på sjukehus?

Viss du går på skule, men vert sjuk og må på sjukehus, har du rett til opplæring også når du er innlagd. Hordaland fylkeskommune har ansvar for opplæringstilbodet ved Sjukehusskulen, som er ei avdeling av Nordahl Grieg videregående skole.

Kva opplæring blir gitt?

  • Vi gir tilbod om opplæring i fellesfaga på vidaregåande nivå (undervising i enkelte programfag om mogleg)
  • Vi gir opplæring i dei same faga som elles i grunnskulen (unnateke valfag på ungdomssteget)
  • Vi gir spesialpedagogisk hjelp til barnehagebarn som har vedtak om dette når dei vert innlagde på sjukehus

Praktisk informasjon

  • Skulen er for elevar i grunnskule, vidaregåande skule og vaksne som har rett til opplæring
  • Avdelinga/posten melder til skulen at du skal ha opplæring eller spesialpedagogisk hjelp
  • Du kan få tilbod om opplæring når du er klar for læring
  • Dersom du ikkje kan kome til skulen, kan det bli vurdert om læraren kan kome til deg på rommet ditt
  • Vi kan kontakte heimeskulen din og be om informasjon og planar, etter fullmakt frå føresette, for pasientar under 18 år
  • Vi avtalar med deg og din kontaktlærar kva du skal prioritere å jobbe med medan du er pasient
  • Lærarar på Sjukehusskulen har teieplikt
  • Dersom du mottek spesialundervisning ved heimeskulen, må Sykehusskolen få informasjon og gjerne kopi av viktige dokument
  • Ta gjerne med eigne skulesaker, bøker og digitale læremiddel.

KONTAKTINFORMASJON

Barne og ungdomssjukehuset
Haukelandsbakken 15
5009 Bergen
Tlf.: 55 97 44 82

Noko du lurer på?

Avdelingsleiar Sjukehusskulen
Profilbilde av Håkon Kahrs Sjursen

Håkon Kahrs Sjursen

Send e-post 55974482