Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Medium og kommunikasjon

Er du interessert i fortellarteknikk, mediepåverknad og utforming av bodskap? Ønskjer du i tillegg studiekompetanse? Då er Medium og kommunikasjon faget for deg. Studietilbodet er treårig og du kan gå vidare på universitet/høgskule etter fullført og bestått utdanning.

Medium og Kommunikasjon

Utdanningsprogrammet Medium og kommunikasjon (MK) er ein smart veg til arbeidsliv og studium. Studiekompetanse frå MK gir deg moglegheiter til vidare høgare utdanning. Du får eit godt grunnlag for blant anna å bli journalist, webdesignar, lydteknikar, filmprodusent, kommunikasjonsrådgjevar, eller andre yrke innanfor leiing og administrasjon, marknadsføring og undervising.

På MK  får du jobbe praktisk  med tekst, foto, film, lyd, nye medium og grafisk design. Hos oss får du bruke profesjonelt foto og tv-utstyr, du får installert Adobe CC på din PC/Mac når du er elev på MK.
Du vil også få jobbe i redaksjonar som dekker Framtidskonferansen ved skulen, få oppdrag om videoproduksjonar og  produsere promoarbeid for skulen og andre organisasjonar.

mk_videporduksjonfoto .jpg


Du vil bli utfordra til å vere aktiv i undervisinga. Vi ønskjer at elevane våre har gode samarbeidsevner, er fleksible, kreative og har evne til kritisk tenking og analyse av eigne og andre sine medieprodukt.

Følg oss på Facebook og nettportalen vår:

NGVmedia NGVmedia.net

Felles programfag - Mediesamfunn og Medieuttrykk

Å forstå media si rolle i samfunnet er viktig i alle typer jobbar, enten du vel juss, økonomi, leiing, marknadsføring, PR, journalistikk eller politikk.

Gjennom alle tre åra er det to felles programfag i veka. Mediesamfunn og Medieuttrykk ( 5 timar + 5 timar). Her vil du mellom anna lære om media sin plass i samfunnet, formidlingsteknikkar, uttrykkshistorie og journalistikk.

mk klassmiljø .jpg


Du vil også lære om sosiale media sin plass i vårt moderne samfunn, om ulike sjangrar du kan formidle ein bodskap i, om reklame, media sin påverknad for å nemne noko. I medieuttrykk vil du også få innføring i grunnprinsipp for illustrasjonsteknikk. Du lærer om og praktiserer layout og relevante digitale verktøy.

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2 Timetal Vg3
Religion og etikk 0 0 3
Norsk 4 4 6
Naturfag 5 0 0
Engelsk 5 0 0
Framandspråk 4 4 0
Samfunnsfag 0 3 0
Geografi 0 2 0
Historie 0 2 4
Kroppsøving 2 2 2
Matematikk 5 3 0
Mediesamfunnet 5 5 5
Medieuttrykk 5 5 5
Valfritt programfag 0 5 10
Sum timetal per veke 35 35 35

Første året

MK1.jpg
mk toppbilde.jpg
mk lærerne.jpg

Teori og praktisk læring

Skuledagane hos oss er varierte. Du kan lage ein reportasje eller reklamefilm den eine veka og ein logo eller ein bildereportasje den neste. Vi har profesjonelt utstyr og dataprogram som mediebransjen brukar. Parallelt med ulike former for praktisk arbeid vil du få teoretisk innføring i design og produksjon, og ikkje minst lære korleis media fungerer i dagens samfunn.

Vi er den største MK-lina i fylket, og gir tilbod innan dei fleste og framtidsretta valmoglegheitene i dei valfrie programfaga. Medielærarane våre har topp kompetanse og undervisingserfaring, i tillegg til yrkeserfaring frå store delar av mediebransjen.

Kvifor velje medium og kommunikasjon?

Har du lyst å bli journalist eller designar? Er du ein ivrig bloggar eller videoredigerar som vil lære endå meir?

Media omringar oss, og gir oss daglege nyheiter, kunnskap og underhaldning. Tradisjonelle medium, nye sosiale medium og ny teknologi er ein del av kvardagen vår. Det vil alltid vere behov for fotografar, journalistar, filmskaparar, webdesignarar, reklamefolk, grafiske designarar og kommunikasjonsmedarbeidarar som kan drøfte, tenke kritisk, nytt og drøfte og produsere innhald

Andre året

MKstudio1.jpg
redaksjon mk.jpg
intervju mk.jpg
mk miljø.jpg

Valfrie programfag vg2 og vg3

Medieelevar skal andre og tredje år velje fag. Her er dei fem ulike programfaga vi gir tilbod om.

Bilde - stillbilde og levande bilde

Faget Bilde er delt i to delar, levande bilde og stillbilde. I utgangspunktet er faget lagt opp til at elevane skal jobbe sjølvstendig. Det vert forventa at elevane må sette av tid til å jobbe med dei ulike prosjekta utover det oppsette timetalet i faget. Det vert gitt grunnleggande undervising i begge delar av faget, som t.d. bruk av utstyr, komposisjon, lyssetting, etc.

Når det gjeld stillbilde, vert det gjennomført eit sjølvvalt prosjekt per termin. Desse prosjekta skal ta utgangspunkt i eleven si eigeninteresse innan faget. Dvs. at du kan velje å jobbe med portrettbilde, actionbilde, reportasjebilde, makro, mote, reklame, naturbilde, m.m. Målet med dei sjølvstendige prosjekta er at du som elev skal få moglegheita til å fordjupe deg innan ditt interesseområde. Det avsluttande sjølvstendige prosjektet (termin 2), skal enda opp i ei fotoutstilling/eit digitalt fotomagasin der elevane sine prosjekt blir presentert. Vi vil også prøve å få kontakt med fotografar som vi kan besøke eller dei kjem til oss.

I den delen av faget som handlar om levande bilde skal vi produsere ein skrekkfilm (kortfilm). Målet er at vi skal konkurrere med filmen på Sogndal filmfestival i 2019. Elevane skal jobbe med preproduksjon (manus, storyboard) innspeling og postproduksjon (klipp, gradering, effektar og lyd).

Grafisk design - design og visuell kommunikasjon

Vil du bli ein del av design og kommunikasjonsfaget og skulen sitt ferske designbyrå? Gjennom å organisere og opprette faget som eit design- og kommunikasjonsbyrå får du som elev ein eineståande sjanse til å utvikle kompetansen din innan grafisk design og visuell kommunikasjon. Dette gjer du gjennom bruk av bilde, tekst, animasjon, symbol og illustrasjonar. Du får skape, utvikle idear og bodskap, og kan formidle dette med visuelle produksjonar på ulike medieplattformer.

Du får lære å bruke profesjonell programvare og utstyr, utvikle design-prosessar frå ide til ferdig produkt.
De skal sjølve velje og utvikle 2 prosjekt i løpet av skuleåret. De får møte profesjonelle designarar og kommunikasjonsbyrå i Bergen, bla KNOWIT.
Alt du lærer her vil du har stort utbytte av i alle andre fag du har på skulen, og ikkje minst bli dyktig i visuell kommunikasjon til ulike målgrupper.

Medieutvikling - konseptutvikling og medieteknologi

I faget Medieutvikling er du med og praktisk utviklar konsept, både innhald og visuelt, og på ulike medieplattformar. Her er det mogleg å utvikle og jobbe med kampanjer, event og medieproduksjon i sosiale medium.

De får vere med å utvikle eit konsept - frå nye, spennande idear til publisert innhald i ulike medieplattformar. Du vil få bruk for kompetansen din i mellom anna visuell utforming, foto, filming, redigering, lyd og å rigge eit nytt youtube-studio her på skulen. Likar du tanken på at teknologi og media er to sider av same sak, er dette faget for deg.

Vi skal kort og greit lage eit visuelt konsept for eit utval oppdrag på eigna medieplattformer. De vil få møte det bergensbaserte og internasjonale grafikk- og teknologiselskapet Vizrt. Vi skal også ha ein workshop med Innovasjon Norge med tema ide- og konseptutvikling i starten av skuleåret. De skal publisere eigenprodusert innhald i konseptet.

Tredje året

foto studio mk.jpg

Lyd - lyddesign og lydproduksjon

Faget er eit samarbeid med programfaga musikk og bilde. Faget inneheld element lyddesign og lydproduksjon.

I lyddesign skal elevane lage lyddesignet til ein kortfilm (skrekkfilm) som blir produsert av programfaget bilde. Det betyr både innspeling (effekt- og foley-lydar, ADR (dialog), atmosfærelyd) og sluttmiks.
I musikkproduksjon skal elevane lære å gjennomføre studioinnspelingar av musikkelevane og/eller lokale artistar i skulen sitt musikkstudio. Dette gjeld både innspeling og sluttmiks.
Elevane skal også jobbe med og lære om live-konsert lyd. Dei skal gjennomføre både opprigg og lydmiks i skuletorget.

Avis - tekstfaget

I dette faget skal du vera Fanaposten sin ungdomsredaksjon og lage saker for både nett- og papirutgåva til Fanaposten. Du vil få solid erfaring som journalist, og sjansen til å gjere lokaljournalistikken meir spennande for unge lesarar.
I dette faget vil du sjå korleis ideane dine vert utvikla til ferdige saker, og det vil vere stort rom for å bruke kreativiteten din til å tenke nytt. Fanaposten vil nå unge lesarar, og ønskjer å høyre kva vi kan bidra med. Å bruke foto, video og sosiale medium til å gjere lokaljournalistikken meir spennande, vil difor vere ein viktig del av jobben.
I ei avis er det rom for ulike sjangrar, og uansett om du vil jobbe kultur, sport eller kritiske nyhende er det plass til dine saker og idear.

ta kontakt

Avdelingsleiar Medium og kommunikasjon
Profilbilde av Astrid Synnøve Aas

Astrid Synnøve Aas

Send e-post 55985644