Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Knutepunktskolen for elevar med nedsatt hørsel

Ein knutepunktskule gir tilbod om tilrettelagd opplæring for elevar med nedsatt hørsel med ulike behov. Elevane har plass ved eit av skulen sine studietilbod, eller på studietilbod ved ein skule vi samarbeider med i nærområdet. Opplæringa blir gitt i klassar med vanleg storleik eller i mindre grupper.

Ressursar

Som ressursskule kan vi gje tilbod om undervising som er spesielt godt tilrettelagd for elevar med nedsett høyrsel.

Vi har:

  • god akustikk i alle rom
  • teleslynge i auditorium og skuletorg
  • FM-anlegg og lydutjamning i mange klasserom
  • teiknspråktolkar med høg kompetanse i tolking av fag på vidaregåande nivå
  • videokonferanseutstyr og anna teknologi som støttar undervisning av elevar med nedsett hørsel
  • mange lærarar med erfaring frå undervising i knutepunktskulen
  • mange tilsette som kan kommunisere på teiknspråk
  • kontinuerleg kursing av tilsette

Tilbodet vårt

Målet vårt er at alle i knutepunktskulen skal få tilrettelagd undervisinga slik at elevane ikkje sit att med ubrukte ressursar. Nordahl Grieg skal vere leiande på teknologisk, forskingsbasert og entreprenøriell læring og undervising. Vi trur denne satsinga kjem knutepunktelevane til gode og kan gje dei eit forsprang i vidare studium eller arbeid.

Les meir om dei ulike studietilboda våre på skulen si hovudside. I samarbeid med nærskulane Slåtthaug, Stend og Sandsli videregående skole, gir vi tilbod innan eit breitt spekter av programområde.

Bur du utanfor Bergen eller nærområda, og har teiknspråk som ditt førstespråk (jfr. §3.9 Opplæringslova) kan du søke om plass i butilbodet til knutepunktskulen.
Elevbustaden vert drifta av Signo Dokken.

Meir om butilbod

KORLEIS SØKJER EG?

Rådgjevar på skulen din kan hjelpe deg å søke. Søknadsfristen er 1. februar.
Bruk skjema for særskiltsøknad. Det finn du på heimesida til inntakskontoret i heimfylket ditt.

Namn på skule skal vere Nordahl Grieg videregående skole. Skriv opp programområda du ønskjer å søke. Skriv Nordahl Grieg sjølv om du vil få undervising i programfag ved ein av samarbeidsskulane.

Søknaden skal innehalde audiogram eller annan dokumentasjon på nedsett høyrsle, evt. sakkunnig vurdering frå PPT. Eventuelle legeattestar, IOP-ar og andre rapportar kan sendast med ved behov.

Særskiltsøknaden skal sendast til inntakskontoret i heimfylket ditt med kopi til Nordahl Grieg videregående skole. Du skal også søke elektronisk på vigo.no

ta kontakt

Fagleiar
Profilbilde av Sverre Urheim Lie

Sverre Urheim Lie

Send e-post 55985618