Vg1
På Vg1 får du generell innføring i programfaga. Du har også fleire fellesfag. Sjå tabell. Det vert jobba mykje med å jobbe tverrfagleg og det er eit mål å yrkesrette fellesfaga slik at ein kan oppleve relevans med tanke på framtidig yrkesval.
Medan du går på Vg1 skal du velje om du på Vg2 og Vg3 skal gå Helsearbeidarfag eller Barne- og ungdomsarbeidarfag. Her er ein kort omtale av desse:
Helsearbeidarfag
Som helsefagarbeidar jobbar du i nær kontakt med menneske. Oppgåvene dine vil mellom anna vere å gje omsorg, praktisk pleie og miljøarbeid til menneske som treng det. Du får utvikle evnene dine til å vere ein profesjonell yrkesutøvar med empati og evne til samspel med menneske med ulike hjelpebehov. Sjukepleie, psykologi, vernepleie, fysioterapi er nokre få eksempel på yrke og studium som kan passe vidare, men det er sjølvsagt mange andre studium ein kan velje.
Barne- og ungdomsarbeidarfag
Som barne- og ungdomsarbeidar får du ein aktiv og meiningsfylt jobb. I barne- og ungdomsfaget lærer du mellom anna å legge til rette og gjennomføre pedagogiske tilbod for barn i alderen 0-18 år. Du utviklar evna til kommunikasjon og samhandling. Ein lærer å fremje fellesskap og samhald i eit miljø prega av leik, utforsking og læring. Barnehagelærar og barnevernspedagog er nokre få eksempel på studium som kan passe vidare, men det er sjølvsagt også mange andre studium ein kan velje.