Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning. Utdanninga kan føre fram til fagbrev eller yrkeskompetanse, avhengig av kva fag du vel. Det er òg mogleg å ta påbygg til generell studiekompetanse.

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Du som vel helse- og oppvekstfag må bry deg om og kunne ta omsyn til andre menneske. Du bør ha gode kommunikative evner og evne til samhandling for å kunne arbeide med menneske i alle livssituasjonar. I fleire yrke er det krav om politiattest.

Utdanningsprogrammet fører fram til yrke der eigne haldningar, kunnskap om helsefremjande arbeid, livsstilssjukdomar, arbeidsmiljø og ulike kulturar er viktig, og det vert stilt krav til heilskapleg tenking og tverrfagleg samarbeid.

Vi gir tilbod om:

Skulen vår gir dette tilbodet innan utdanningsprogrammet helse- og oppvekstfag:

  • Vg1 Helse- og oppvekstfag
  • Vg2 Helsearbeidarfag
  • Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
Søk opptak

Fag og timetal

Fag og timetal
Fag Timetal Vg1 Timetal Vg2
Helsefremjande arbeid 7 5
Kommunikasjon og samhandling 5 5
Yrkesutøving 5 7
Prosjekt til fordjupning 6 9
Norsk 2 2
Matematikk 3 0
Engelsk 3 2
Naturfag 2 0
Kroppsøving 2 2
Samfunnsfag 0 3
Sum timetal per veke 35 35

Første året

_MWF6710.jpg

Vg1 Helse- og oppvekstfag

Programfaga på Vg1 Helse- og oppvekstfag er:

  • kommunikasjon og samhandling
  • helsefremjande arbeid
  • yrkesutøving

I faget Prosjekt til fordjupning kan du prøve ut ulike yrke innan helse- og oppvekstfaga. Faget er meint til å hjelpe deg i val av utdanningsløp. Vi har eit nært samarbeid med Bergen kommune og ei rad institusjonar.

I tillegg vil du ha fellesfaga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og kroppsøving.

Andre året

_MWF6723.jpg

Vg2 Helsearbeidarfaget

Som helsefagarbeidar jobbar du i nær kontakt med menneske. Oppgåvene dine vil blant anna vere å gi omsorg, praktisk pleie og miljøarbeid til menneske som treng det. Du får utvikle evna til å vere ein profesjonell yrkesutøvar med empati og evne til samspel med menneske med ulike hjelpebehov.

Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfaget

Som barne- og ungdomsarbeidar får du ein aktiv og meiningsfull jobb. I barne- og ungdomsfaget lærer du mellom anna å tilrettelegge og gjennomføre pedagogiske tilbod for barn i alderen 0-18 år. Du utviklar evna til kommunikasjon og samhandling. Vidare lærer ein å utvikle fellesskap og samhald i eit miljø prega av leik, utforsking og læring.
Vegen vidare
Etter å ha fullført Vg2 helsearbeiderfag eller barne- og ungdomsarbeidarfag, kan du søke lærlingplass.

Vegen vidare

Etter å ha fullført Vg2 helsearbeiderfag eller barne- og ungdomsarbeidarfag, kan du søke lærlingplass.

Bli lærling

Ta kontakt

Avdelingsleiar Arbeidstrening og Livsmeistring / Helse- og oppvekst
Profilbilde av Idar Kløvning

Idar Kløvning

Send e-post