Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Valfag

På Manger rekk du ikkje bli lei av valfaget ditt; det kan du nemleg velja tre gonger i året. Om du vil er det høve til å bruka valfagtimane til å gå enno djupare inn i fagfeltet ditt. Eller du kan gjera noko heilt anna. Kvart år stiller skulen med ei spennande "smørbrødliste", der elevane også er inviterte til å bidra. Det er ulike former for sport og friluftsliv, yoga, piano, song, forming, meir teoretiske fag og sjølvsagt aktivitetar knytta opp til musikk.