Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Trening

Manger folkehøgskule ligg idyllisk til i eit mekka for friluftsliv. Rett utanfor skuleområdet finn ein flotte turløyper både langs vegen og ute i skog og mark. Det høgste fjellet på Radøy ligg også på Manger og på toppen kan ein nyte utsikt over heile øya og langt ut i havet.

Som elev på Manger folkehøgskule har du gratis tilgang idretts- og symjehall i Radøyhallen. To gongar i veka disponerer skulen idrettshallen 1 ½ time på ettermiddagen. Symjehallen kan brukast gratis mot å vise skulebevis alle dagar/tider det er opent for offentleg bading. I nærområdet er det også kunstgrasbane som kan nyttast fritt når det ikkje er organisert aktivitet. På skulen finn ein dessutan bordtennisbord og eit flott treningsrom. Treningsrommet inneheld ulike vektapparat, lause vekter, tredemølle, spinningsyklar og treningsmatter.

Manger folkehøgskule likar å få med elevane på fysiske aktivitetar. Både sosialt, fysisk og psykisk gjer litt aktivitet underverker. Fast på timeplanen har me kvar fredag to timar med ulike valfrie fysiske aktivitetar som til dømes idrettshall, jogging, fotball og turgåing. I tillegg har me med jamne mellomrom felles fotturar i nærområdet.