Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Artist og låtskrivar

Vil du skrive, formidle, syngje og dyrke fram ditt uttrykk? Bli med i eit kreativt miljø saman med andre musikarar, vokalistar, låtskrivarar og produsentar. Hovudfokuset vårt er å utvikle talentet ditt som vokalist. Med band, som solist, på scenen og i studio.

Meir om linja

Her arbeider du med å dyrke fram personleg stemme og uttrykk. Du frontar band, er korist, syng i vokalgruppe og solo. Saman med band og musikkproduksjon gjer du studioinnspelingar og står på skulen sin scene med full PA-rigg. Du får innføring i lyd og mikrofonteknikk, bruk av lydanlegg, øvingsmetodar, fraseringsteknikk og improvisasjon.

Låtskriving er ein naturleg del av det å uttrykkje seg vokalt og har høg prioritet hjå oss. På Manger går du gjennom heile prosessen frå ide til ferdig produkt i studio eller på scenen.

Rom og utstyr

Tre linjer – tett samarbeid

Band: scene og studio, Artist og låtskrivar og Musikkproduksjon er tre linjer som samarbeider tett. Våre arbeidsmetodar set deg som elev i reelle situasjonar og gjev deg eit godt fundament for å forstå prosessane i bransjen.      

Linjene har fleire fellesfag. Kombinasjonen av linjene resulterer i eit kreativt miljø der arbeid i studio og øvingsrom er ein naturleg del av kvardagen. Du har tilgang til flotte fasilitetar, profesjonelt utstyr og ein lærarstab som utfyller kvarandre på alle fagfelt. Studieturen til Los Angeles er inkludert i skulepengane.

Lærarar Send søknad!

studietur til los angeles

Linjene Band: scene og studio, Artist og låtskrivar og Musikkproduksjon reiser på studietur til Los Angeles. Byen har mykje å by på, og er eit mekka innanfor vårt fagområde. Vi har gode kontakter i byen, og vi besøker studio, musikkprodusentar og høyrer musikarar og vokalistar i verdsklasse.

har du spørsmål? kontakt oss

Linjeleiar
Profilbilde av Håvard Matland

Håvard Matland

Send e-post
Rektor
Profilbilde av Geir Rydland

Geir Rydland

Send e-post
LydiaBomberom800x450.jpg