Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Musikkproduksjon

Kva skjer frå ein får ein melodi i hovudet til ein fiks ferdig låt strøymer frå høgtalaren? Kva skal til for å styra spakane i eit lydstudio eller på ein konsert? På linja Musikkproduksjon får du svar, teoretisk ballast og rikeleg med erfaring frå skulen sine studio.

Meir om musikkproduksjonslinja

Fokuset på denne linja er å lage og produsere musikk. I skulen sine studio har du tilgang til profesjonelt utstyr og fasiliteter med store og gode innspelingsrom.

Mykje av undervisninga foregår via praktisk hands-on jobbing i studio der du lærer lyd- og musikkproduksjon, oftare med ein mikrofon i handa enn med ein blyant. Innanfor dette fagfeltet er det viktig å eksperimentere, både med software, ulike mikrofonar, produksjons-teknikkar og -metodar. Me tar for oss heile prosessen; lage låtar og beats, produksjon og arrangement, innspeling og redigering, miksing og mastering.

Rom og utstyr Bilder

Tre linjer – tett samarbeid

Band: scene og studio, Artist og låtskrivar og Musikkproduksjon er tre linjer som samarbeider tett. Våre arbeidsmetodar set deg som elev i reelle situasjonar og gjev deg eit godt fundament for å forstå prosessane i bransjen.      

Linjene har fleire fellesfag. Kombinasjonen av linjene resulterer i eit kreativt miljø der arbeid i studio og øvingsrom er ein naturleg del av kvardagen. Du har tilgang til flotte fasilitetar, profesjonelt utstyr og ein lærarstab som utfyller kvarandre på alle fagfelt. Studieturen til Los Angeles er inkludert i skulepengane.

Lærarar Send søknad!

Studietur til los angeles

Studietur til Los Angeles! Byen er eit mekka innanfor våre fagfelt, og med gode kontaktar i byen ser vi fram til eit solid fagleg opplegg i "The City of Angels". Vi bur på hotell i Hollywood og besøker studio, musikkprodusentar og høyrer musikarar og vokalistar i verdsklasse.

har du spørsmål? spør oss!

Linjeleiar
Profilbilde av Håvard Matland

Håvard Matland

Send e-post
Konstituert rektor
Profilbilde av Margaret Sutherland Antrobus

Margaret Sutherland Antrobus

Send e-post 56348070
DIGITALENweb.jpg
Digitalen800px.jpg