Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fag

Meir om undervisninga på Musikk, bu og fritid.

Bufaget

Handlar om å gje praktisk opplæring slik at eleven vert i stand til å ta vare på seg sjølv i eigen bustad. Tema i dette faget er hygiene, husstell, planlegging av innkjøp, mat og helse, handle- og reisetrening, økonomi og tallforståing.

Fritidsfaget

Handlar i stor grad om sosial trening og tar sikte på endring og utvikling på det personlege plan. Eleven skal verta kjend med seg sjølv og få ei forståing av andres sinn. Me jobbar med kommunikasjon, samspel, empati, sjøloppfatting, meistring av sinne og emosjonsregulering, identitet, normer/reglar, intimitetsgrensar, vennskap, nettvett, turar og tøy og bøy. Ein del av fritidstimane vert nytta til individualsamtalar og trening i individuelle utfordringar.

Musikkfaget

Musikk er ein stor del av livet ved Manger Folkehøgskule, og dei andre linjene er reine musikkliner i ulike sjangrar. Ved musikk, bu og fritidlinja er også musikk ein stor og viktig del, men med lavere inngangsverdi. Her vil ein kunne finne elevar som har musikkompetansebakgrunn, men óg elevar som har musikkinteresse som utgangspunkt. Utvikling av musikalske ferdigheitar, noko teori og positive opplevingar av meistring er hovudtanken med faget. I musikkfaget har vi hovudfokus på å auke elevane si generelle musikkforståing og bidra til interesse og glede for musikk. Vi brukar ulike innfallsvinklar som til eksempel lytting, dans, sang, film, litt grunnleggjande teori, prosjekt, samspel og spel åleine. Vi ønskjer å tilpasse undervisninga så godt som mogeleg til kvar einskild elev. På skulekonsertar framføras kjende bandlåtar, men òg eigenkomponerte songar.

Silje_Bomberom800x532.jpg