Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Musikk, Bu og Fritid

Denne linja er for elevar som treng tilrettelagt og tilpassa opplæring. Linja passar for deg som er glad i musikk og som spelar eit instrument, eller likar å syngja. Du får også opplæring i tema som helse, økonomi og matlaging. Vi ynskjer at du skal ha ei positiv sosial utvikling og oppleva fellesskap med andre. Deltaking på denne linja krev økonomiske ressursar fra heimkommunen din og/eller frå Nav.

Bli sjølvstendig

Med linja Musikk, bu og fritid ynskjer me å gje eit folkehøgskuletilbod til unge med ulike spesielle behov. Folkehøgskule er på mange måtar noko anna enn ordinær skule, og vil kunne vera eit godt tilbod til dei som ikkje meistrar såkalla vanleg skulegong.

Å bu eit år på folkehøgskule inneber å veksa som eit sjølvstendig menneske, utvikla sine sosiale sider, og læra fag på ein friare måte enn det tradisjonell skule kan. Vi har som mål å vere ein kulturverkstad der ungdom kan utvikla sunne haldningar i eit miljø der det faglege og sosiale vert integrert, slik at kreative krefter kan veksa fram.

Rom og utstyr Fag

Oppleving av meistring

Vi ynskjer å tilby alle ei mogelegheit til å gjennomføra eit annleis år, og trur at læringsmetodar som kombinerer teori og praksis er gode for menneske som har ulike utfordringar. Gjennom faga vi presenterer skal dei unge verta betre i stand til å klara seg sjølve i forhold til daglegdagse aktivitetar, ha utvikla god sosial kompetanse og erverva nye ferdigheiter innanfor musikkfaget.

Gjennom denne danningsprosessen håpar vi at dei unge er betre rusta for å takla eigen framtid. Det viktigaste er likevel, enten det gjeld fagaktivitetar eller fritidsinteresser, at vi kan gje eleven ei oppleving av meistring. 

Lærarar/miljøarbeidarar Søk plass!

STUDIETUR TIL LONDON

London er ein spanande storby med mangfaldig kultur, men som ikkje ligg altfor langt unna det trygge og kjende. Her vil det være fine utfordringar både for dei som har reist mykje og dei som har reist lite. Våre tilsette er godt kjende med byen og kan tilby kunnskap og tryggleik. Hovudmåla med turen er at elevane skal kjenne glede over det sosiale samværet, kunne førebu og gjennomføra ei lengre reise og oppleve andre kulturar knytt opp mot ulike tema i linjefaga; matopplevingar, handel, konsertar, musikalar og kjende attraksjonar.

Våre tidlegare turar har mellom anna inkludert:

  • Tower of London
  • Buckingham Palace
  • Westminster-palasset
  • Madame Tussauds
  • Notting Hill og Portobello Road
  • London Eye
  • Jamie Oliver restaurant og andre kjende restaurantar.
  • Musikalane Thriller, Les Misérables, STOMP

Har du spørsmål? kontakt oss

Linjeleiar
Profilbilde av Oddrun Lie

Oddrun Lie

Send e-post
Konstituert rektor
Profilbilde av Margaret Sutherland Antrobus

Margaret Sutherland Antrobus

Send e-post 56348070
Sondre_Kjøkken800x532.jpg