Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Samspel

Hovudfokus på brassbandlinja er samspel i fullt brassband. I løpet av ei veke har me 2-4 fellesøvingar. Musikkutvalet er saman med dirigenten med på å bestemme kva som skal spelast på dei ulike prosjekta . I løpet av året deltar brassbandet mellom anna på kveldskonsertar saman med lokale korps, turnéar, og ikkje minst vår eigen julekonsert og avslutningskonsert. Kanskje finst det også tid og lyst til å delta på ein konkurranse?

Rullerande besetning

Besetninga i brassbandet rullerer, det vil seie at ingen har ein fast plass gjennom heile skuleåret. I staden har ein 4 – 5 ulike besetningar slik at kvar og ein får variasjon og får prøvd seg på ulike stemmer. I tillegg til øvingane med brassbandet får du spelt i mindre ensemble, på fellestimar med di eiga instrumentgruppe, åleine med akkompagnatør og på einetimar med læraren din.

Ensemble

I ensembletimane spelar ein i besetningar frå duett til større ensemble på 10-12 personar. Målet er at ensembla skal klare å styre seg sjølve, men det er alltid lærarar tilgjengelege i prosessen.

Fellestimar

I fellestimane, 2 timar pr. veke,  spelar du saman med di eiga instrumengruppe under leiing av instrumentallærar. Ein jobbar med alt som høyrer til i basisspelet,  til dømes skalaer, fleksibilitet og samspel.

Spel med huspianisten!

Kvar veke har du også høve til å spele med skulen sin akkompagnatør. Her kan du prøve ut solostykker i samspel med pianist, enten du førebur deg til prøvespel eller berre har lyst å kjenne på det å spele  saman med pianokomp.

Einetimar

Manger folkehøgskule gir deg eit unikt tilbod om enkelttimar på instrumentet ditt. I løpet av året får du heile 21 enkelttimar saman med topp kvalifiserte instrumentallærarar. Me jobbar ut frå nivået du er på og strekkjer oss så langt du har lyst og kapasitet til. Sidan folkehøgskule er ein eksamensfriskule er det din eigen motivasjon til å bli betre som driv deg. Kva som vert arbeidd med og kor langt ein vil nå er mykje opp til deg og din vilje til arbeid mellom timane.