Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Andre fag

For å byggje opp under samspelsferdighetane, har me i løpet av veka også ei rekkje andre musikkrelaterte fag.

Musikkteori, høyrelære og arrangering

Musikkteori, høyrelære og arrangering er gode og nyttige støttefag til det å spele. Ein lærer mellom anna om skalaer, intervall, akkordar, besifring, transponering og rytme. I arrangeringstimane lærer du å skrive for ulike besetningar under kyndig rettleiing av lærar. Du har tilgang til Sibelius noteprogram som er installert på alle skulen sine iMac’ar. Med så mange speleglade ungdommar samla på ein stad er det heller ikkje noko problem å få prøve ut det du skriv med levande musikarar. Teoriundervisninga er nivådelt slik at dei som har eit godt grunnlag frå før kan få ekstra fordjuping i dei aktuelle faga.

Musikkorientering

Faget musikkorientering inviterer deg inn i historia og presenterer deg for ulike sjangrar frå barokken og fram til i dag. Her lyttar ein ikkje berre på brass eller klassisk, men også stilartar som jazz, pop og rock. Me opnar øyrene, utvidar horisontane og byggjer ein større musikalsk plattform.

Direksjon

Direksjon er også eit tradisjonsrikt fag på Manger folkehøgskule. Takteringsteknikkar, lesing av partitur, diskusjon om utfordringar dirigenten møter, og ikkje minst praktisk øving som dirigent for eit ensemble er alle element i faget. Ein får prøve seg framfor mindre grupper først, før ein gradvis utvidar ensemblestorleiken. Til slutt får du kanskje prøve deg framfor eit fullt brassband?

Aspirantopplæring

Aspirantopplæring er eit fag me ser på som nyttig og svært relevant for dei fleste av våre elevar. Som ressurspersonar i miljøa dei kjem til, vert dei gjerne involvert i opplæring på eit eller anna nivå. I aspiranttimane førebur elevane ei samling der dei underviser, leikar og spelar saman med dei yngste musikantane frå skulekorps i Hordaland. Du lærer å finna godt repertoar til aspirantar, litt om pedagogiske prinsipp og metodikk, og om gode speleteknikkar på ulike instrument