Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her
Du som har slite ut nokre sko i skulekorpset, og er klar for meir; på Brassbandlinja får du akkurat det: meir musikk. Dyktige lærarar sørgjer for variert og inspirerande undervisning tilpassa deg og det nivået du har nådd med instrumentet ditt. Samspel med dei andre elevane – i små og store ensemble – pågår heile tida.
Som den einaste folkehøgskulen i landet kan Manger folkehøgskule tilby eit år på brassbandlinje. Her kan du dyrke, studere, og ikkje minst kose deg med hobbyen din gjennom eit heilt skuleår. Manger ligg i hjartet av brass-Noreg med elitekorps som Eikanger Bjørsvik og Manger musikklag rett rundt hjørnet. I tillegg finn du ei rekkje andre korps frå elitenivå og nedover mindre enn ein time unna.
På Manger møter du likesinna ungdom på alle nivå. Nokre vil gå vidare på høgare musikkutdanning medan andre vil ha korps som ein givande hobby. Manger folkehøgskule har hatt brassband på timeplanen sidan tidleg på 80-talet og me har etterkvart bygd opp svært god kompetanse på området. I tillegg til godt kvalifiserte lærarar har me gjestar frå inn- og utland gjennom heile skuleåret.