Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Band: scene og studio

Har du ambisjonar og godt gehør – eller ein av delane – men manglar band? Ta med deg instrumentet ditt og din musikkstil, og bli betre i begge delar. Du får prøva deg både på scenekanten og i studio. Manger er ein kreativ plass og musikken stilnar ikkje sjølv om skuledagen er over.

Meir om linja

På Band: scene og studio er det fokus på samspel, musikkformidling og låtskriving. Du får rikeleg med anledningar til å opptre framfor eit publikum, både på skulen og utanfor. I skulen sine studio spelar du inn låtar saman med elevane på Musikkproduksjon og Artist og låtskrivar.

På Manger møter du ungdom med bakgrunn frå ulike sjangrar, med ulike inspirasjonskjelder og med gode basisferdigheiter på instrumentet. Saman får de gode og lærerike opplevingar både i studio og på scenen. Skulen kan tilby moderne og godt utstyrte øvingsrom som er opne fram til 22.00 alle dagar.

Rom og utstyr Bilder

Tre linjer – tett samarbeid

Band: scene og studio, Artist og låtskrivar og Musikkproduksjon er tre linjer som samarbeider tett. Våre arbeidsmetodar set deg som elev i reelle situasjonar og gjev deg eit godt fundament for å forstå prosessane i bransjen.      

Linjene har fleire fellesfag. Kombinasjonen av linjene resulterer i eit kreativt miljø der arbeid i studio og øvingsrom er ein naturleg del av kvardagen. Du har tilgang til flotte fasilitetar, profesjonelt utstyr og ein lærarstab som utfyller kvarandre på alle fagfelt. Studieturen til Los Angeles er inkludert i skulepengane.

Lærarar Send søknad

Studietur til los angeles

Linjene Band: scene og studio, Artist og låtskrivar og Musikkproduksjon reiser på studietur til Los Angeles. Byen har mykje å by på, og er eit mekka innanfor vårt fagområde. Vi har gode kontakter i byen, og vi besøker studio, musikkprodusentar og høyrer musikarar og vokalistar i verdsklasse.

har du spørsmål? kontakt oss

Linjeleiar
Profilbilde av Håvard Matland

Håvard Matland

Send e-post
Rektor
Profilbilde av Geir Rydland

Geir Rydland

Send e-post
Innspeling_800x532.jpg