Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Rom og utstyr

Du disponerer to store øvingsrom som er lydisolerte og akustisk behandla, med alt som trengs av utstyr. I tillegg er det fleire mindre rom som egner seg til egenøving, mindre besetningar og låtskriving. Skulen har lydstudio med profesjonelt utstyr i tillegg til  mindre arbeidsstasjonar med iMac, Logic, lydkort og mikrofon.

våre fasilitetar

I Storsalen er det konsertscene med full lys og lydrigg. Her inviterer vi til konsertar og du får verdifull sceneerfaring. Rigging, lydprøve, god lyd og høg puls er stikkord her!

Teoriundervisninga foregår i lyse og fine rom som er utstyrte med alt vi treng, deriblant ein maclab med 10 iMac'er med Logic og Sibelius programvare og MIDI keybord.

Skulen har lydstudio med profesjonelt utstyr som legg til rette for at du får spelt inn musikken din.

"Loftet", eit rom for gruppeundervisning og eigenarbeid er utstyrt med iMac med Logic og Ableton, piano, miksar, mikrofonar og høgtalarar. Eit populært rom blant vokalistane på skulen!

Når du skal øve for deg sjølv er det fleire små øvingsrom å velje i. Alle er utstyrt med piano.  

Lydstudio

Lydstudio.jpg


Skulen sine 4 studio er tilgjengeleg til kl. 23.00 kvar dag. Les meir om fasilitetane du kan arbeide med musikken din i her: 

Øvingsrom og konsertscene

Liveband_800x450.jpg


På Manger folkehøgskule er vegen kort frå øvingsrommet til ei scene med full lyd- og lys rigg.

Spørsmål ?

Ta kontakt med linjeleiar Håvard Matland.