Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Om skulen

Manger er ein frilynt folkehøgskule med rundt 60 elevplassar,  og ligg på Manger i Radøy kommune. Skulen har fem ulike musikklinjer, moderne fasilitetar og lærarar med høg kompetanse. Ein liten skule med fullt fokus, store ambisjonar og mange forventningar.

kva er ein folkehøgskule ?

Pensum- og eksamensfri

Folkehøgskulen er ein eksamens- og pensumfri skule. Dette betyr at skulen sjølv bestemmer fagplanar og arbeidsmåtar. Gjennom arbeid og fellesskap vil vi bidra til fagleg og personleg vekst, slik at du siste skuledagen kan seia: "Eg er eit rikare menneske, eg kan meir, eg veit meir, eg forstår meir, eg bryr meg om meir."

Det vert ikkje gitt fagkarakterar. Du må finna andre mål for arbeidet og du må ta ansvar for di eiga læring. Skal ei slik undervisningsform fungera, er det viktig at både lærar og elev har vilje og evne til samarbeid, og at læring skjer ut frå interesse og entusiasme. 

Laurdagsundervisning

Folkehøgskulen har laurdagsundervisning og det er også ein del obligatoriske aktivitetar på kveldstid og på enkelte sundagar. Det er frilaurdag ca. ein gong i månaden.

Skulen er stengt i haust-, jule-, vinter- og påskeferien. Det er diverre ikkje høve til å bu på skulen i feriane.

 

 

Her finn du oss!

Skulen ligg sentralt på Manger i Radøy kommune ca. 50 kilometer nord for Bergen. Frå skulen er det i underkant av ein time køyring til Bergen, eller 1,5 time med buss. Det er fleire bussavgangar til og frå sentrum både kvardagar og i helgene.

Administrasjonen

Rektor
Profilbilde av Geir Rydland

Geir Rydland

Send e-post
Assisterande rektor, dirigent Brassband
Profilbilde av Margaret Sutherland Antrobus

Margaret Sutherland Antrobus

Send e-post
Kontor
Profilbilde av Kari Kvalheim Lunde

Kari Kvalheim Lunde

Send e-post
Sosialt_Ute800x532.jpg