Pensum- og eksamensfri
Folkehøgskulen er ein eksamens- og pensumfri skule. Dette betyr at skulen sjølv bestemmer fagplanar og arbeidsmåtar. Gjennom arbeid og fellesskap vil vi bidra til fagleg og personleg vekst, slik at du siste skuledagen kan seia: "Eg er eit rikare menneske, eg kan meir, eg veit meir, eg forstår meir, eg bryr meg om meir."
Det vert ikkje gitt fagkarakterar. Du må finna andre mål for arbeidet og du må ta ansvar for di eiga læring. Skal ei slik undervisningsform fungera, er det viktig at både lærar og elev har vilje og evne til samarbeid, og at læring skjer ut frå interesse og entusiasme.