Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Om internatet

Dei fleste av internatromma på skulen ligg i same bygg som matsalen/peisestova og vart totalrenovert i 2011. Me har totalt 34 dobbeltrom og 5 enkeltrom. Romma framstår som lyse, trivelege og moderne. Kvart rom har eige bad med dusj og toalett.

Innreiinga er praktisk med rammemadrass, skrivepult og stol til kvar elev, hylleseksjon og skyvedørsgarderobe med god oppbevaringsplass. Storleiken på dobbeltromma er 14 - 22 m2, medan enkeltromma er 10 -13 m2. I utgangspunktet ynskjer me at dei fleste bur på dobbeltrom, men ved spesielle ynskjer/behov/praktiske årsaker kan me gjere unnatak.

Romvask

Romvask er eit fast punkt på timeplanen kvar veke og vert vurdert og godkjent av internatleiar. Elevane må også vaske korridoren to gonger i veka etter oppsett plan, ca. 3 – 4 veker i året pr. elev.

Klesvask

I internatet har me to vaske- og tørkerom. I alt finst det 6 vaskemaskiner og 3 tørketromlar.  Vaskemaskinene har automatisk dosering av vaskemiddel frå eigen dispenser. Elevane treng difor ikkje kjøpe dette sjølve. I tillegg har me altså to tørkerom der ein kan henge klede på stativ. Vaskeromma vert låste om natta når det skal vere ro i internatet.

Internat hovudbygg

Når elevtalet er høgt tar me også i bruk internatdelen i 2.etasje av hovudbygget som inneheld 5 dobbeltrom. Desse romma er også totalrenovert, men berre eitt av dei har eige dusj/toalett. Til gjengjeld disponerer elevane i hovudbygget eit felles toalett/dusjrom med tre toalett og tre låsbare dusjavlukker. Det finst også eigen vaskemaskin og tørketrommel i dette internatet. Reglane for rom/korridorvask og ro gjeld på same måte som i hovudinternatet.

Ro i internatet

Det skal vere ro i internatet kl. 23.00, men peisestova er open dersom ein ynskjer å nyte kvelden litt lenger.  På same tid vert også inngangsdørene låste, men elevane kan bruke sitt eige nøkkelkort til å komme seg inn.