Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Mat og kosthald

Skulen tilbyr eit sunt, godt, allsidig og nøkternt kosthald. På kvardagar vert det servert frukost, lunsj, middag og kvelds.

Frukost og kvelds er typiske brødmåltid med tradisjonelle pålegg, medan du til lunsj innimellom får servert enkle varmrettar/middagsrestar. Vi serverer middag kl. 15.45 og dette er varierte og gode rettar du ofte finn på norske middagsbord.

Mat_800x450.jpg

Laurdag og søndag

På laurdagar er det frukost seinare enn på kvardagar. Etter undervisninga kl.14.00 får du servert graut eller suppe. Rundt kl. 16.00 står det kaffimat (kake/bollar/rundstykker) på menyen, medan måltidet kl. 19.30 på laurdagar er varmrett som til dømes pizza, taco, lasagne eller liknande.

Søndagar byr på litt ekstra til frukost og middag. Under middagen kl. 14.00 vert det også vanlegvis servert dessert. Også denne dagen får elevane kaffimat kl. 16.00 før matveka vert avslutta med vanleg brødmat kl. 20.00.

Allergi og spesialmat

Alle med matallergiar må melde frå om dette i god tid før skulestart, slik at me kan leggje til rette for eit godt kosthald. Det vert i utgangspunktet berre laga spesialmat til dei som har legeattest som viser at dei ikkje kan ete den ordinære maten. For kostnadskrevjande spesialdiettar vil skulen måtte ta ein høgare pris.

Alle er med!

Elevane hjelper til med servering/rydding/oppvask/vasking etter oppsett plan for kjøkkenteneste, vanlegvis for ei veke om gangen. Tre elevar har kjøkkenteneste saman og talet på veker varierer etter det totale elevtalet.