Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Internatliv

Eit år på Manger folkehøgskule er den perfekte måten å ta det første steget ut i verda.

mykje saman - lite åleine...

Du flytter heimanfrå, men det kjennest ikkje så langt. På skulen er du sjeldan åleine; det er alltid elevar, og minst ein vaksen etter skuletid og om natta. At det alltid er nokon der, er både trygt og godt. Alltid nokon å snakka med, ein medelev eller ein av dei tilsette. I internatet bur dei fleste på dobbeltrom. 

Her bur og lever ein tett saman i eit trygt og godt miljø. Her går du ikkje heim når skuledagen er slutt. Skulen er heim, og dei andre elevane er familie, venner og kjente. Du et ved same bord og søv i same rom som menneske du elles kanskje ikkje hadde blitt kjent med. Står opp, går på skule, øver og strevar, et og søv – aldri åleine. Slikt blir det livslange venskap av.

Internatliv_800x450.jpg

Har du spørsmål om internatet ?

Ta kontakt med internatleiar Anne-Kari Sylta.

Assisterande rektor/internatleiar
Profilbilde av Anne-Kari Sylta

Anne-Kari Sylta

Send e-post
Sosialt_Ute800x532.jpg