Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Opptakskriterium

Skulen sitt faglege opplegg og timeplan gjer muligheter for høg fagleg aktivitet, men mykje er opp til deg og din interesse, lærelyst og evne til å arbeide målretta og sjølvstendig. Opptaket skjer på bakgrunn av søknaden din og det du skriv om motivasjon, interesse og forventningar. Gje gjerne utfyllande opplysningar om bakgrunnen din og om kvifor du søkjer folkehøgskule generelt og den aktuelle faglinja spesielt. Personlege eigenskapar veg også tungt. Opptaket startar 1. februar og skjer fortløpande fram til skulestart.

Opptak vert gjort ut frå ei samla vurdering av søknadene. Følgjande element er viktige i denne vurderinga:

a) Søknadene vert behandla i den rekkjefølgje som dei vert mottatt. Det er lurt å søkja tidleg!

(Dette betyr ikkje at ein er sikra skuleplass om ein søkjer tidleg, sjå pkt. b – g).

b) Søknaden må vera fullstendig. Fyll ut alle felt !

Det er svært at du sender inn alle relevante vitnemål og attestar. Send alltid inn siste tilgjengelege karakterutskrift, i tillegg til kompetansebevis for tidlegare skuleår; til dømes 1. og 2. klasse vgs. Du må også føra opp ein referanseperson. 

c) På søknadsskjemaet er punktet "Dine interesser og hvorfor du ønsker å gå på folkehøgskole" svært viktig.

Skriv om din motivasjon, dine interesser og dine forventningar. Her kan du også gje utfyllande opplysningar om bakgrunnen din og om kvifor du søkjer folkehøgskule generelt og den aktuelle faglinja spesielt. Det er viktig å ta med tidlegare erfaring innanfor faglinja. Personlege eigenskapar veg også tungt.

d) Skulen prøver å få til ein viss balanse i forhold til kjønn, geografi, interesser, mm. 

e) På nokre av linjene våre er det spesielle krav til besetning. Dette betyr at det kan vera lettare/vanskelegare å få skuleplass i forhold til kor mange søkjarar det er på dei ulike instrumenta. Dette vil variera frå år til år.

f) Alder:

Aldersgrensa er 18 år. Det kan gjerast unntak frå aldersgrensa i spesielle høve. Skulen kan ta inn eit avgrensa tal elevar frå 16–18 år etter særskilt søknad.

g) På vitnemål / kompetansebevis / karakterutskrifter ser vi mest på fråværsstatistikken og på karakterane i orden og åtferd. Dersom du har høgt fråvær er det viktig at du sender med ei orientering om bakgrunnen for dette.

Har du spørsmål? Spør oss!

Konstituert rektor
Profilbilde av Margaret Sutherland Antrobus

Margaret Sutherland Antrobus

Send e-post

 

Send søknad!