Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Fellesfag

Dette er timar som alle deltar i på tvers av linjene. Sjølv om me har flest timar med linjefag, er fellesfaga minst like viktige i folkehøgskuleåret.

Manger folkehøgskule har følgjande fellesfag

  • Morgonsamling
  • Huskonsert
  • Romvask
  • På Tvers
  • O-fag
  • Fysisk aktivitet
  • Emneundervisning, laurdag

Morgonsamling

Kvardagane på Manger folkehøgskule startar alltid med morgonsamling. Denne varer ca 15 min og inneheld eit innslag av ulik karakter, allsong og «ord for dagen». Her får elevane også eventuell informasjon frå dei tilsette. I tillegg til det pedagogiske personalet får alle høve til å leie ei eller to morgonsamlingar i løpet av året.

Huskonsert

Kvar veke inviterer vi elevane til å opptre på huskonsert i storsalen. Du kan bidra musikalsk, teatralsk, med tekstlesing, eller med heilt andre skjulte talent. Alle som ynskjer det er velkomen på scena i eit trygt, inkluderande og inspirerande miljø.

Romvask

Ein stor og viktig del av året på folkehøgskule er internatlivet. Dette inkluderer å halde det reint og ryddig på sitt eige rom. Under kyndig rettleiing av internatleiar lærer elevane å gjere reint på ein hygienisk og skikkeleg måte til glede for seg sjølv og alle andre.

På tvers

I faget På tvers har vi fokus på samhald og samarbeid. For å oppnå dette har vi i desse timane ulike aktivitetar med særs varierande innhald. Det vert alt frå danning og lagbygging til song og leik. Desse orda står sterkt i folkehøgskulen, og på ein musikkfolkehøgskule som Manger er dette eit fag vi verdset høgt. Det å skape musikk og leike saman på denne måten er  svært gjevande. Her stiller alle med si eiga røyst, sin eigen bakgrunn og sine eigne føresetningar. 

O-fag

Bak dette klassiske namnet skjuler det seg ein godtepose av eit fag. Her tar vi opp dagsaktuelle tema, dei store spørsmåla og dei små problema. Kort sagt: alt mellom himmel og jord!

Fysisk aktivitet

To timar i veka har vi fysisk aktivitet på planen. Elevane kan velje mellom ulike aktivitetar som til dømes idrettshall, fotball, jogging, turgåing og treningsrom. Fokus i timane er det sosiale og gleda over å vere i aktivitet.

Emneundervisning, laurdag

Dei fleste laurdagane er det emneundervisning på skulen. Desse timane er som oftast felles, men kan også vere linjevis ved behov. I tillegg til laurdagsundervisning med dei tilsette, får vi besøk av gjestarforelesarar. Dei held seminar om ulike tema som ikkje nødvendigvis er musikkrelaterte. I løpet av dei seinare åra har vi til dømes fått vere med på fyrstehjelpskurs, «Rockens historie» med Jon Lotterud, korseminar, Røde Kors-besøk, «Identitet» med Anders Gravdal, improvisasjonsseminar, fotturar og mykje anna spanande.