Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Bli med og lag fylkesvåpen!

Korleis i alle dagar skal fylkesvåpenet til det nye storfylket på Vestlandet sjå ut? Du som er elev, er spesielt velkomen til å sende inn forslag. Førstepremien er 25.000 kr!

Som du kanskje har fått med deg skal Hordaland og Sogn og Fjordane slåast saman til eit stort fylke 1. januar 2020. Sjølv om alle innbyggarane i fylka våre kan delta i konkurransen, har fylkesordførarane eit sterkt ønskje om at elevar ved skulane våre skal ta del og sende inn forslag til nytt fylkesvåpen. Det er mange pengepremiar å hente til dei beste forslaga, og førstepremien er på heile 25 000 kroner.

På vår felles nettside www.vlfk.no/fylkesvapen, finn du alt om konkurransen; korleis du kan lage eit fylkesvåpen, hovudreglar og kvar du skal sende inn ditt eller dine forslag.

Vi gler oss til å sjå ditt forlag! Del gjerne forslaget ditt på instagram med #fylkesvåpenvest