Det kan se ut til at du bruker en nettleserversjon vi ikke støtter. Finn en nyere versjon her

Vill Vill Vest

Vill Vill Vest

For tredje året på rad fekk elevane på Artist og låtskrivar, Band: scene og studio, og Musikkproduksjon (ABM) oppleve den nasjonale musikkfestivalen Vill Vill Vest i Bergen. Utstyrt med delegatpass som gav adgang til både konferanse- og konsertprogram fekk elevane verkeleg valuta for pengane. Artistar som Sondre Justad, Emilie Nicolas, Dagny og Röyksopp var alle å treffe på konferansedelen av festivalen.

-På Vill Vill Vest får me eit unikt innblikk i nesten alle delar av musikkbransjen og ikkje minst får me høyre mange nye, spanande artistar og band, seier linjeleiar på ABM, Håvard Matland. -Det å kunne tilby våre elevar eit slikt opplegg er noko me er særs nøgde med. I løpet av dei to dagane festivalen pågår vert heile Bergen gjort om til éin stor konsertarena og me er inviterte. Her er det godt mogeleg at me får høyre dei neste store artistane i landet, held Matland fram.

På konferansedelen, presentert av musikkorganisasjonen Brak, vert Litteraturhuset gjort om til ein møteplass for nasjonal og internasjonal musikkbransje. Det har lenge vore behov for ein slik arena i Bergen. Håpet er at festivalen skal styrkje samarbeidet mellom ulike musikkaktørar og byggje ein sterkare lokal musikkbransje.